Det er nesten ein månad sidan førre innlegg, og det seier litt om kor fort tida har gått dei siste vekene. Eg har hatt ein innhaldsrik månad på nyheitsdesken og har fått friska opp att nett- og radiojournalistikken. Det har vore eit hjarteleg gjensyn med polopoly (internett) og digas (lydredigering)!
På nettet fekk eg både laga mine eigne saker, og følgja opp andre sine. Eit par reine stillfoto-oppdrag vart det òg:
Dei to siste vekene har eg jobba kun med radio, og også her har eg fått gjennomslag for dei sakene eg har hatt lyst å lage. I tillegg har eg sjølvsagt fått tildelt saker, noko som jo er ein stor del av radiokvardagen. Eg tykkjer det er spennande å bli utfordra innan felt eg ikkje har peiling på, og som regel går det veldig fint å berre vite litt på førehand.
Eit aldri så lite høgdepunkt den siste radioveka var direkterapport frå heimbygda på sjølvaste jonsokafta. Den kan du høyre i denne sendinga, spol fram til rundt 12.30 dersom du er interessert!
Til slutt vil eg ønskje alle ein riktig god sommar! Mi tid som nynorskpraktikant går rasande fort mot slutten, men det blir spennande å følgje det nye praktikantkullet til hausten. Måndag startar eg i jobben på ut.no, eg trur det vert ein veldig bra sommar!
Stor klem frå Ingvil
PS: Dette blir mitt siste blogginnlegg her, men dersom de vil nå meg seinare, er det berre å ta kontakt på e-post: ingvil.aaen.torpe@nrk.no