Søk

Ein vossing i Førde

jun 2

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
02.06.2010 15:26 

I dag er det fire veker sidan eg starta praksisen min i Bergen. Fram til no har eg som kjent vore i redaksjonen til Førkveld, men i dag har eg flytta inn i DK-redaksjonen.

Førkveld hadde si siste sending for vårsesongen førre fredag. Som avslutning på praksisperioden min der, fekk eg bli med på to-dagars seminar på Kjepsofloten i Hardanger med heile gjengen. Eg har blitt utruleg godt tatt vare på desse vekene, og var sjølvsagt kjempeglad for å få bli med på tur. Seminaret var meint som ei oppsummering av sesongen (kva har fungert og ikkje?), i tillegg til å sjå framover mot neste sesong (nye idear!). Sjølv om eg ikkje har vore med frå starten av, var det veldig interessant å få eit innblikk i korleis redaksjonen tenkjer å utvikle programmet vidare. I strålande sommarvarme gjekk det meste føre seg utandørs, både seminar, måltid og sosialt samvær. Det var ein fin måte å bli endå betre kjent med kollegaene på, og ramma rundt det heile kunne ikkje vore betre! (Her lovar eg å legge ut bilete!)

No er mi tid i Førkveld over for denne gong. I dag starta eg på nett-desken der eg blir verande ei stund framover, før eg avsluttar med to veker radio mot slutten av praksisperioden. Eg er glad for å få jobba på fleire plattformer her i Bergen òg, for som alltid er det viktig å kunne ha fleire bein å stå på i ein framtidig jobbsituasjon. Og i motsetnad til redaksjonen i Førde, er det ingen her som veit kva eg kan før eg har fått vist det.. Polopoly (publiseringsverktøyet for internett) hadde heldigvis ikkje forsvunne heilt i gløymeboka, så etter litt knoting i starten gjekk det veldig greit. Og det er bra, for så fort praksisperioden er slutt går eg rett over i sommarjobb som nettjournalist her og her. For ei friluftsglad jente frå Voss, blir jo det den perfekte sommarjobb!

Tags:

Kommentar

Sv: Ny praksis

Gratulerer med sommarjobb! :)

Ved Mari Langva den   03.06.2010 19:11

Sv: Ny praksis

Hihi, herlige sommerjobber du har fått deg då! ;) Veit kem me ska spør viss me lure på været om ikkje anna... :) Klem

Ved Jette den   03.06.2010 20:23

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!