Søk

Ein vossing i Førde

mai 26

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
26.05.2010 12:38 

Etter nesten ein månad i min nye by, er det fortsatt ein del ting som manglar i heimen. Mellom anna internett. Det er den enkle forklaringa på kvifor det blir litt lenge mellom kvar gong eg gir eit livsteikn frå meg. For på jobb går tida så fort at det ville vore veldig dumt å sette seg til å blogge! ;o)

Men no har eg tid, for etter å ha gjort ferdig ein reportasje til sendinga i kveld, skal eg ut på nytt opptak om eit par timar. Det vart med andre ord ein lang lunsj i dag. Det har vore mange raude dagar no i mai, og på raude dagar har ikkje Førkveld sendingar. Det har me heller ikkje på inneklemte dagar, så vekene har vore ganske korte i det siste! Og no er me inne i siste sendeveke denne våren, så eg trur ikkje det er berre eg som tykkjer tida fyk avgarde her no..

Fridagane i mai har eg brukt i Hardanger. Det har resultert i ro i sinnet for min del, og to reportasjar til Førkveld. Den eine handla om bløming og vart sendt før pinse, den andre handlar om sommarski-entusiastar på Folgefonna og vert sendt i kveld.

Eg trivst godt med programformatet til Førkveld, eit aktuelt program med ganske frie tøylar. Heile landet vert representert, men det er godt å sjå eit program som har base på vestlandet og ikkje i Oslo. Det er kjekt å få ta del i avslutninga av første sesong og blir spennande å sjå korleis programmet veks og utviklar seg vidare framover mot neste sesong.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!