Søk

Ein vossing i Førde

mai 12

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
12.05.2010 09:52 

Eg er berre inne i andre veke av eksternpraksisen, men kjenner meg allereie veldig heime her i Bergen.

Tida har på ein måte gått veldig fort sidan eg pakka flyttelasset og reiste frå Førde, men samtidig har det skjedd så mykje den siste tida at ein skulle tru eg hadde jobba her i vekevis.. Eg stortrivst i den nye redaksjonen min og får mange kjekke oppdrag!

Fram til no har det stort sett vore opptak og redigering annakvar dag, men i dag har eg heile dagen til å gjera research. Det er veldig kjekt å få jobba med eigne idear, og framover har eg mange kjekke opptaksdagar å sjå fram til. Meir om det seinare, så følg med, følg med!

Her er eit innslag eg laga på måndag, eg fekk meg ein skikkeleg fin tur på eit av byens 7 vidunder!

Til slutt er det på sin plass å gratulera dei 5 nye praktikantane med plassen, de er svært heldige og har mykje bra i vente!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!