Søk

Ein vossing i Førde

mai 7

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
07.05.2010 07:45 

Måndag starta eg i eksternpraksisen min i Bergen.

Dei første vekene skal eg jobba i "Førkveld"-redaksjonen hjå NRK på Minde, hovudoppgåva mi er å vera VJ. Det vil sei at eg er både fotograf og reporter på ein gong, samt redigerer innslaget etter opptak. Å gjere fleire jobbar samtidig, har sjølvsagt sine utfordringar. Korleis må kamera stå for å få best mogleg bilde når eg på same tid skal få god lyd og ha kontakt med intervjuobjektet?

Eg er veldig glad for at eg har erfaring som fotograf frå før av. Likevel er det fort å gløyma bildekomposisjonen dersom lydforholda er vanskelege, eller for den del, la dårlege lysforhold ta fokus frå det å høyra godt nok etter korleis lyden eigentleg vert.. Og kva med fokus i saka? Det du har klart og tydeleg for deg når du reiser ut på opptak - er det like klart og tydeleg når du sit og skal redigera etterpå?

Det som er heilt sikkert er at eg lærer noko nytt for kvar gong eg er på vj-opptak. Eg er aldri heilt nøgd, for det er som regel noko som sikkert kunne vore betre.. Og det er jo akkurat dét som gjer denne jobben så kjekk, ingen dag er lik og det er alltid noko nytt å lære til neste gong...

Viss du vil sjå dei to innslaga eg har laga denne veka, kan du ta ein titt her:

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!