Den siste veka har ingen dag vore lik. Etter bulleteng-dagen på tysdag, fekk eg prøva meg igjen som nyheitslesar igjen allereie onsdag. Det var minst like kjekt som dagen før, og heldigvis litt mindre skummelt! No håpar eg sjølvsagt å få lesa bulleteng fleire gonger, så det blir spennande å sjå kva som dukkar opp i framtida..
I tillegg til nyheitslesing, har eg og Mari jobba med ei tv-sak som er aktuell i samband med 1. mai. Me var i Høyanger og filma på onsdag og redigerte saka i går. Den går på Vestlandsrevyen i kveld og vart den siste saka eg lagar for NRK Sogn og Fjordane i denne omgang, for på måndag startar eksternpraksisen i Bergen.
I dag har me hatt avslutning i redaksjonen, veldig rart at det er siste dag! Om vel ein time set eg meg på bussen til byen mellom dei sju fjell, og der har eg tenkt å bli verande. Så då får me berre håpa at eg får ein jobb å gå til når praksisen er over..
Tida her i Førde har vore veldig innhaldsrik. Vaktsjefane her har gitt oss ansvar frå dag ein, og det er vel òg grunnen til at me har klart oss så bra. Det er inga tvil om at eg gjer ein betre jobb når eg veit at folk har tru på meg, sjølv om oppgåva eg har blitt tildelt kan synast både krevjande og vanskeleg for ein urøynd journalist. Det gjeld både når det gjeld å dekke høgaktuelle nyheitssaker, samt å vere på direkten. Begge deler er utfordrande på kvar sin måte.
Eg vil rette ein stor takk til alle i NRK Sogn og Fjordane. De har tatt imot oss med opne armar og vore tålmodige, flinke og ikkje minst veldig snille! Ein spesiell takk til Olga, Noralv og Terje som har inspirert og lært meg veldig mykje.
Takk for meg!