Søk

Ein vossing i Førde

apr 27

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
27.04.2010 14:09 

I dag har me debutert som nyheitsopplesarar heile gjengen. Eg fekk 12-bulletengen, og vart litt varm då eg fann ut at den er ein god del lengre enn dei andre.. Men det var visst ingenting å mista pusten av. I det store og heile gjekk det i grunnen ganske greit, og ikkje minst, det gav meirsmak! :)

Her kan du høyre korleis det gjekk!

Tags:

Kommentar

Sv: Nervepirrande....

Bra jobba! Hugser det var skummelt fyrste gongen eg stod der... Og på måndag skal eg byrje med bulleteng heilt på ordentleg. Skumle greier. ;)

Velkommen til Bergen! Ser fram til å sjå deg i gongane her.

Aleksander

Ved Aleksander Vallestad den   28.04.2010 11:24

Sv: Nervepirrande....

Ja, det var ganske skummelt i går! Var heldig å få sjansen til å lesa eit par gonger i dag òg, så no er eg nesten i ferd med å bli varm i trøya.. ;) Blir kjekt å koma til Bergen, ikkje mange dagane igjen no! Ser deg vel på måndag viss ikkje det er heilt texas på bull-vakta! ;)

Ved Ingvil den   28.04.2010 17:24

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!