Dei to vekene med tv-praksis har verkeleg sust avgarde.
Sjølv om me i første rekke er journalistspirer og såleis skal vere reporter i tv-sakene, har eg nytta høvet til å få både foto og redigering inn i fingrane att. Det har nemleg vore mangel på fotografar i redaksjonen, så eg har fått steppa inn som det nokre dagar. På den måten har eg òg fått redigert fleire saker, noko som gjer meg endå betre rusta til eg skal ut i praksis i ein ny redaksjon. Det er nemleg ein del rutinar ein må kjenne til for at både redigering og publisering av saker skal gå smertefritt! Men no er eg i alle fall ikkje redd for å bli sendt ut på oppdrag åleine, det er veldig greit å ha full oversikt på innslaget frå start til mål.
... er dei siste innslaga eg har laga.
Det vart full vinter igjen i Førde før helga, men no ser det ut til at våren får overtaket igjen. Får inderleg håpa det! Siste veke i april blir òg siste veke som nynorskpraktikant i Førde. I dag har eg sendt av stad flyttelasset mitt, så no er det ganske tomt og stille rundt meg. Litt rart å tenke på at eg bur i Bergen om under ei veke! :)