Søk

Ein vossing i Førde

apr 19

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
19.04.2010 18:01 

Me er inne i nest siste veke av praksisperioden vår i Førde. Fram til no har me veksla på å jobba radio, tv og nett, men med utgangspunkt i ein og same redaksjon. Om to veker vert det altså ein ny kvardag.

Den siste veka har eg hatt tv-praksis. Eg har fått vore ute både som reporter og fotograf, noko eg er veldig glad for. Kjekt, og lurt, å halda begge deler ved like.

Overgangen frå å jobba med radio, var større enn eg hadde sett for meg. Sjølv om du ofte har lite tid på radio òg, kan du som regel bruka ein del ord på å få fortalt det som er viktig for saka. På tv er det annleis. Her må kommentaren vera så kort og presis som berre mogleg, du har på ingen måte tid til å sei meir enn du må. På tv har som kjent lyden konkurranse av bileta, så det vil ikkje ta lang tid før sjåarane dett ut dersom det ikkje er nok framdrift. For ei som er glad i ord, er det litt av ei utfordring å halde setningane korte!

I tillegg til tv-sakene, vart òg brunsnigel-saka mi sendt førre veke. Ein litt nedkorta versjon gjekk òg på Her og Nå.

Av tv-saker har eg til no laga:

I tillegg hadde eg ei fotovakt der eg gjorde eit intervju og filma litt til ei sak om konsekvensane av fly-forbodet etter vulkanutbrotet på Island, ei sak som òg Dagsrevyen sendte.

Dagane med tv-jobbing går veldig fort fordi det som regel skjer noko heile tida. I morgon skal eg og Kristin til Sogndal på opptak, så då skal eg få vera fotograf igjen. Igjen - ingenting er som litt variasjon! :)

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!