Eg kom tilbake til Førde etter påskeferien med ein ganske verkande kropp. Ikkje fordi eg hadde ramla så mykje på ski, men fordi eg sikkert vart litt for glad då sola titta fram og våren var i lufta etter nokre dagar med snøvêr i skibakken. Nok ein gong gløymde eg mamma sine ord om å passe seg for den farlege vår-trekken..
Resultatet vart ei heller laber veke på jobb. Det er jo ikkje akkurat praktisk å ha sår hals når du jobbar som radioreporter.. Heldigvis hadde eg laga ferdig dette innslaget før påske, så det at eg ikkje var heilt i form fekk ikkje dramatiske følgjer første dag på jobb igjen.
Tysdag starta bra og eg fekk laga eit radioinnslag sjølv om eg følte meg litt på låg-gir. Då vaktsjef Noralv på slutten av dagen sa eg måtte ta vare på meg sjølv og bli frisk, burde eg nok tatt han litt meir på ordet. Men eg gjekk i samme felle som alltid når eg går og bryggar på noko, (så lenge eg ikkje har feber, er eg frisk nok til å vera på jobb!) og hadde ikkje vett til å ta ein dag heime for å kurera sjukdomen før den braut ut for alvor.
Dermed var eg tilbake på jobb på onsdag og fekk meg ein tur til Naustdal for å leita etter brunsnigler i det som kan karakteriserast som kraftig regnvêr. Og ikkje nok med det, i tillegg klarte eg ikkje å sei nei då eg vart spurt om min favorittjournalistaktivitet for tida, å vera direktereporter i morgonsendinga dagen etter.. Torsdag morgon var eg derfor (litt skjelvande) på jobb kl 07.00 for å vera med i morgonsendinga. Så den dagen fekk folk i Sogn og Fjordane ein litt groggy radioreporter servert til frukosten sin.. Du kan jo høyre og dømme sjølv! (Rett etter at eg var på lufta spelte Gro passande nok ein song frå ei av mine favorittsangerinner, nemleg sambygding og stortalent Karen Fadnes Brattebø, så eg har like godt lagt ved den òg!)
Etter det hese radioinnslaget sa det derimot stopp, og eg måtte fint innsjå at eg ikkje kom til å klara noko meir den dagen. Så då tok eg omsider til fornuft og gjekk heim til senga igjen. Fredag var like ille, så det vart to kjedelege dagar utan jobb på meg. Veldig synd, no som me har praksis og alt! Det er vel berre å innsjå at det ikkje er alltid kroppen og viljen speler på lag..
I løpet av helga har eg heldigvis klart å karra meg på beina igjen, så no er eg klar for å ta fatt på to veker med tv-praksis. I dag hadde me besøk av Oddgeir Bruaset som fortalde om arbeidet med programserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Det var interessant å høyre på for ei som har jobba aller mest med langt meir "fancy" og kommersielle tv-program. Med unntak av eit fåtall episodar, er det ingen av dei som kan måla seg med populariteten til eit enkelt, kjendisfritt program med vanlege folk (og ikkje programleiaren!) i hovudrolla. Eg trur det blir for enkelt å sei at det har med mangel på konkurranse frå andre kanalar å gjera at over 1,2 millionar benkar seg framfor tv-skjermen i programserien sin 7. sesong, men så har no kanskje eg fått mi overdose kjendiseri og kommersialisme for ei stund òg då..
Etter dei neste to vekene med jobb for Vestlandsrevyen, nærmar det seg slutten på tida her i Førde. Den siste perioden i trygge omgjevnader skal nytast, og 3. mai er eg klar for praksis i Bergen. Eg eg skal innrømma at eg gler meg veldig til det òg! :)
Ha ei fin veke!