Det har vore ei kort, men hektisk veke så langt. I grunnen starta det heile søndag kveld, då eg vart kalla ut som fotograf for å dekka ein leiteaksjon i eit skisenter. Sidan eg bur midt i sentrum, to minutt å gå frå NRK, samt var den einaste fotografen i Førde den kvelden, fekk eg sjansen til å reisa ut på eigahand og verkeleg friske opp kjensla av å vera nyheitsfotograf. Det vart i grunnen eit hjarteleg gjensyn med den gamle kunnskapen!
Vidare har eg fortsatt nettpraksisen min, men sant og sei har eg nok jobba like mykje på radio som nett dei to siste dagane. Veldig kjekt å kunna kombinera det, for det kan bli litt lenge å sitta inne framfor skjermen ein heil dag for ein utålmodig sjel som aller helst vil ut og treffa folk. I går laga eg sak om ein prest som gløymde å stilla klokka, og i dag har eg laga eit par radiosaker på den store skredfaren i påskefjellet. Nettsakene finn du her og her, og radiosakene finn du her: Presten gløymde å stille klokka og Skredfare i påskefjellet. Ja, og skredfaresaken gjekk til og med på Dagsnytt, så no har eg debutert der òg! :)
Med orda til skredforskaren ved NGI friskt i minne vil eg ønskja alle ei riktig god påske med oppfordring om å lytta til erfarne fjellfolk før du tek fatt på skituren i påskefjellet!