Søk

Ein vossing i Førde

mar 24

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
24.03.2010 15:06 

Min andre dag på nett-desken gjekk i grunnen bra. Eg trur eg kom gjennom det utan å gjera dei heilt store tabbene. Her er sakene eg har publisert i dag:

Talet på sykkeltjuveri aukar

Dårleg vêr hindrar helikopter

Vil ha sengepostar i Eid og Lærdal

To millionar til fagbrev for vaksne

Skisentra håpar på snø til påske

I morgon skal eg vere såpass multimedial at eg lagar sak for alle plattformer. Eg skal til Luster og vere med på ei trening av den litt spesielle sorten, og sidan eg reiser åleine får eg sjansen til å vere både journalist og fotograf. Målet er å lage to reportasjar til radio, ein til tv, samt ei nettsak. Så då får me kryssa fingrane for at det går bra sånn at eg kan innfri måla mine! :o)

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!