Søk

Ein vossing i Førde

mar 23

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
23.03.2010 21:19 

Eg har hatt min første dag med nettpraksis, og kom gjennom den utan dei altfor store tabbene. Det skal innrømmast at eit par saker havna litt for raskt på framsida til NRK Sogn og Fjordane etter at eg var vel ivrig på tastaturet, men det gjekk fint så fort eg fekk summa meg til å oppdatera sakene og publisera dei på nytt.

Her er det eg har jobba med i dag:

Skal vise ministeren tunnelfødsel

Rosa hjelm for eksosryper

Telehiv gjer vegane farlege

Aksjonistar på plass i Oslo

Nettet er det me har hatt minst opplæring i, så eg merka at det tok litt tid å få det inn i fingrane igjen. I morgon skal eg prøve ut litt fleire funksjonar i publiseringsverktøyet, slik at sakene vert endå kjekkare å klikke seg inn på!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!