Denne veka har eg verkeleg blitt kasta ut i det.
Som eg skreiv tidlegare i veka, var eg ein tur til Sogndal filmfestival på tysdag for å rapportere i føremiddagssendinga. Visse utfordringar viste seg å vere knytt til denne rapporteringa.
Først av alt starta dagen med ei låst dør på kontoret i Sogndal der eg skulle henta HF-en, altså det utstyret eg trong for å kome meg på lufta. Etter litt om og men, fekk eg henta ut mikrofon og antenne og rasa avgarde til kulturhuset for å møte intervjuobjekta mine. Eg kryssa fingrane for at ikkje parkeringsvaktene var ute den næraste halvtimen, sprang ut av bilen i dét eg skrudde på HF-en, konstaterte at intervjuobjekta var på plass og at eg hadde stava namna deira rett, og så var det 3-2-1 og ACTION!
Problemet med å kome fram to minutt før eg skulle på (for første gong på HF), var at eg og programleiar Stein ikkje fekk testa sambandet på førehand. Dermed resulterte mitt første forsøk på direkterapportering med at eg rett og slett ramla ut den første gongen eg var på lufta. I staden måtte Stein ta over og spele litt musikk.. Ikkje bra, men heldigvis vart det kutta akkurat då eg var ferdig med det første intervjuet. Så då vart ikkje skaden så stor som den ville blitt dersom eg datt ut midt i ei utgreiing frå ho eg stod og intervjua..
Andre gong eg prøvde meg gjekk det bra, sjølv om lyden var ganske prega av at eg stod med antenne på ryggen inne i eit bygg med tjukke betongvegger..
Det vert sagt at alle gode ting er tre, men ikkje i dette tilfellet. Tredje gong eg skulle på, vart det nemlig svært stille frå min kant.. Dermed måtte Stein på med musikken igjen, og eg måtte gå ut for å vere sikker på å god nok dekning. (Det burde eg vel strengt tatt gjort heilt frå start av, men på plassen utanfor Kulturhuset var det tysdag føremiddag feiring av barnehagedagen med eit hundretals(?) barnehageborn, samt eit korps..)
Fjerde gong Stein sette over til meg, kom eg meg gjennom det utan problem. PUH! Det skal ikkje vera lett...
Vel tilbake i Førde fekk eg heldigvis trøystande kommentarar av typen: "Det gjekk jo fint dei gongene du var på", og, "Det var jo tekniske feil, det kunne du jo ikkje noko for!", men likevel må eg innrømma at eg ikkje hadde den beste kjensla etter HF-debuten min.. Men då vaktsjef Olga ville ha ei sak til ettermiddagssendinga frå det eg hadde gjort, måtte eg fint høyre gjennom det for å finne nokre dugande klipp å sy saman. Og alt i alt, så var det ikkje så ille som eg hadde frykta. Det kunne faktisk vore ein verre start!
No er du sikkert veldig spent på å få høyra alle desse forsøka mine, og det skal du snart få. Det same gjeld dei andre sakene eg har lova å publisere. Men eg må nok skuffa deg i dag òg, tekniske problem igjen. I morgon lovar eg å oppdatere bloggen med mange kjekke lydklipp!
Ingvil