Førre veke gjekk utruleg fort. Måndag rydda me pultane våre på loftet, tysdag var me på plass i redaksjonen og onsdag tok eg like gjerne turen til Roma...
For å ta det siste først: det var ein lenge planlagt tur med familien som fann stad, så eg prøvde på ingen måte å snika meg unna oppstarten på desken.
Dei to dagane eg var borte, håpar eg å jobba inn att snart. Litt varm sol på kroppen, god mat og fantastisk is gjorde i alle fall svært godt, så med ny energi har eg tenkt å gje meg i kast med nye og spennande utfordringar som nyheitsjournalist.
Eg har starta denne praksisperioden med radio, og før eg drog på onsdag rakk eg å laga ein reportasje om utrygge skulevegar i Gaular. Skal finne link til den veldig snart. I morgon skal eg få prøva meg på ordentleg HF-rapportering i føremiddagssendinga. Eg skal til Sogndal på filmfestival, noko eg sjølvsagt gler meg veldig til! Eg storkoste meg då me øvde oss med Stian, så håpar det går like bra denne gongen når det sit nokre tusen og høyrer på meg..
Kvar måndag i praksisperioden får me besøk av ein gjesteforelesar. I dag var Odd Isungset, leiar i PFU og røynd dokumentarfilmskapar (mellom anna!), her. Det er inga overdriving å sei at tida flaug av garde. Me fekk sjå døme på saker som har vore handsama i Pressens Faglege Utval, samt konklusjonen om dei var i strid med god presseskikk eller ikkje. Veldig interessant var det, og ein fin start på ei ny veke!