Me har lagt bak oss siste veke på loftet. Frå og med tysdag blir me ein del av redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane på lik linje med dei andre journalistane. Sjølv om me har levert fleire saker allereie og såleis veit kva me går til, vert nok kvardagen ganske annleis no framover. Heretter nyttar det ikkje å levere etter deadline!
Det er sjølvsagt litt skummelt å skulle bli kasta ut i det verkelege journalist-livet, men samtidig kjenner eg meg klar for det. Me har vore innom utruleg mykje dei to månadane me har vore her, så det blir kjekt å få meir erfaring i praksis. Eg startar med to veker på radio, og så vert det tv, nett og litt radio igjen på slutten. Til saman skal me ha 8 veker praksis her i redaksjonen, før me avsluttar med 8 veker i ein ekstern redaksjon. Me står fritt til å velje kvar me ønskjer å ha dei siste praksisvekene, så det er verkeleg på tide å tenkja litt framover..
Den siste veka har som alltid vore veldig innhaldsrik. Tysdag øvde me på direkterapportering for radio, såkalla HF. Me vart sendt ut med antenne på ryggen og mikrofon i handa ein halvtime før me skulle "på lufta". Eg hadde avtale med Linn på klebutikken Marcel, temaet var vårmoten. Like før eg skulle på, ringte Stian meg opp og sørga for at teknikken var oppe og gjekk. Deretter var det berre å stupa i det. Mens eg stod der og intervjua Linn, tenkte eg ikkje eit sekund på at det berre var ei øving. Det kjendest veldig ekte ut! Og guuu kor kjekt det var! HF-en gav verkeleg meirsmak, så det håpar eg å få prøva meir av..
Ein anna ting eg håpar å få meir trening i, er å lesa bulleteng, altså nyheitene på radio. Onsdag fekk me nemleg grundig opplæring i denne kunsten av Tone-Lin, og alle gjorde store framskritt i løpet av dagen. Eg likte meg godt "på direkten" denne gongen også, så får håpa det blir fleire høve til å prøva seg på det. Får eg sjansen skal eg i alle fall hoppa i det!
Torsdag fekk me ein forsmak på livet på desken, og eg nytta høvet til å lage ei ordentleg sak om vårmoten. Linn på Marcel stilte villig opp igjen, og resultatet vart ein tre minutt lang reportasje til ettermiddagssendinga. (Link kjem, men førebels kan du gå inn og høyre her, spol deg fram til 14:20 ut i sendinga...)
Vårmoten vart nett-tvsak òg, den ser du her.
Det er helg og tid for å slappa av før det brakar laus for alvor neste veke. Eg har fått besøk og skal i alle fall berre kosa meg! :-)