Det går mot lysare tider, og det både morgon og kveld for tida. Ingenting er betre spør du meg! Her i Førde vakna eg opp til 15 minusgrader på det som i følgje kalenderen er årets første vårdag. For mars er vel fortsatt ein vårmånad sjølv om det strengt tatt ser ut til å bli vinter ei stund til?
I løpet av tida eg har budd i Førde har me hatt ein dag med regn, litt fleire dagar med snø, men aller flest dagar med sol og opphaldsvêr. Førre helg kom endeleg dei første solstrålene heilt ned til sentrum, så no er alt berre velstand. Lokale kjelder har opp til fleire gonger understreka kor heldige me har vore med vêret i vinter, og eg vil jo tru at inntrykket av Førde hadde vore litt annleis viss det berre hadde vore drittvêr heile tida..
Vêret er med andre ord ein snakkis her, som dei fleste andre stader, også. Det har i grunnen ingenting med denne saka å gjere, men slik vart resultatet av turen eg og Kristin tok til Langeland Skisenter før helga.
Kom deg ut og nyt sola! :)