Det har vore ei innhaldsrik veke på Nynorsk mediesenter. TV har vore i fokus, og som tidlegare "Fjomp" (Fjernsyns- og multimedieproduksjon-student), har eg sjølvsagt hatt det veldig kjekt.
Måndag laga eg og Astrid reportasje om ei svært OL-interessert dame. Tilfeldigvis budde ho i Betten-huset, og tilfeldigvis heitte ho Ingvil. Denne dama starta OL-førebuingane for fleire veker sidan med å omstilla seg til Vancouver-tid. Under dei olympiske leikane har ho sjølvsagt tatt seg fri frå jobb for å få med seg alt som går på tv, både på NRK 1 og 2, samt på nettet. Ho har handla inn all mat ho treng for dei to OL-vekene, og har ikkje tid til å ta imot besøk eller svare på telefonar mens ho sit klistra til skjermen.... Det er kanskje like greit at resultatet ikkje vert vist fram for fleire enn dei høgst eksklusive sjåarane her på loftet. Det har ingenting med filming og redigering å gjera, for der var Astrid ein reser, men skodespelarprestasjonane trur eg det er greit å skåna ålmenta for i denne omgang.. ;-)
Leik vart fort til alvor, for på tysdag laga eg og Mari ein ordentleg tv-reportasje. Me hadde høyrt rykte om at Førde sine innvandrarar lukkast svært godt med nynorsken, og det tykte me var ei god sak å lage noko på. Resultatet vart lagt ut på NRK sine nettsider her på onsdag. Klikk på biletet for å sjå reportasjen!
Resten av veka hadde me besøk av Eva Westvik, ei sprudlande, motiverande og ikkje minst kjempeflink dame som eg trur ga oss alle inspirasjon til å lage gode tv-reportasjar framover. Me fekk innføring i kva som kjenneteiknar den gode tv-kommentaren og korleis me kan bli gode historieforteljarar både i harde og mjuke reportasjar. Det var enormt lærerikt og eg gler meg til å få prøva det meir ut i praksis. Kjekt er det også å sjå at mykje av tankemønsteret ein har som regissør går igjen her, det gjer at puslebitane fell litt lettare på plass for meg.
Det er søndag ettermiddag og eg er klar for å nyta siste rest av helg. I går var eg og Gunn Evy med Astrid og sambuar Ole på skitur, 20 kilometer gjekk me! Det var heilt strålande!

På kvelden slo eg til med heimelaga (og dikta!) lasagne til oss alle fire. Med unntak av bedrøveleg innsats av hopp- og langrennsgutta vart det ei riktig så bra avslutning på dagen.
I morgon står ein ny ekskursjon for tur, også denne gong til gamle trakter for min del. Me reiser til Aasen-tunet for å få både historisk og fagleg input, og då spørst det vel om ikkje gamle minner frå tida på Møre Folkehøgskule dukkar fram frå gløymsla...
Ha ei god veke!
Klem frå Ingvil