Søk

Ein vossing i Førde

feb 11

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
11.02.2010 23:14 

Viss du vart veldig spent no, må du ta ein titt her.

Det er altså nett det har gått i dei siste dagane her på praktikantkurset. Me hadde to inspirerande dagar ilag med Andreas Grimsæth som m.a. jobbar med denne og, ikkje minst, denne sida. Ein flink fyr som ga oss mange gode tips til korleis me kan bidra til at nettjournalistikken vert mykje betre enn sitt rykte.

Som seg hør og bør er me allereie godt i gang med neste steg i retning av å bli fullkomne og allsidige journalistar. I dag starta me nemlig med tv. No kjenner eg meg litt på trygg grunn igjen, eg klør i fingrane etter å koma i gang. Tjuvstarta faktisk litt i dag og har laga ein liten reportasje som kanskje kjem på nettet i morgon. Med andre ord ingen grunn til å halda seg unna nettsidene til NRK Sogn og Fjordane!

Snart helg igjen, for min del blir det ein tur til heimbygda. Får håpa eg slepp innom legevakta denne gongen..

God helg, og takk for at du tok turen innom bloggen min! :)

 

Oppdatering: No er saka publisert. Supringane har felle ut, men her er det altså Kristin som er reporter og eg på foto/redigering.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!