Søk

Ein vossing i Førde

feb 4

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
04.02.2010 19:21 

Onsdag førre veke reiste me på ekskursjon til Oslo. I løpet av to hektiske døgn fekk me med oss teater, besøk på Marienlyst, TV 2 og Østlandssendingen, samt kjempegod tapas med dei fem praktikantane i NRK FleRe. Me møtte med andre ord mange ulike folk og eg blei veldig inspirert etter å ha diskutert både faglege og meir samfunnsrelaterte tema.

Denne veka er me tilbake i kvardagen, og for min del har det mellom anna ført meg til Florø for første gong. Og der var det jo fint!

Eg laga ein radioreportasje som vert sendt på lokalradioen vår fredag føremiddag. I tillegg til å bli kjent i ein ny by, blei eg også kjent med ei aldri så lita journalistutfordring. For kva gjer du når ei av hovudkjeldene i saka du lagar nektar å stille opp? Du mistar i alle fall litt fokus! Og då gjeld det å rydda tankane og finna ein ny vri. Det tok si tid, men gjekk bra til slutt. Veldig godt å klara utfordringa og koma seg i mål...

Kristin hadde også sin første tur til Florø, noko eg vil sei er langt meir oppsiktsvekkande enn det faktum at ikkje eg hadde vore der før. Ho er trass alt innfødd her i fylket! ;) Kjekt på tur!

Skal få lagt ut saker snart, så det er berre å følgje med....

God helg!

Tags:

Kommentar

Sv: Oslotur og Florø-debut

Ventar spent på nye saker! Kult å høyra deg med nynorsk radiostemma, du er jo allereie proff;) Kjekt å lesa om livet ditt i Førde, høyres ut som du har det som plommen i egget! Får sjå om eg og Kjersti klarar å komma oss på besøk i løpet av våren! God helg!
Uff.. No kom eg på at eg skulle ringja deg i veka, men det har eg heilt glømt! Knalltøff hua!

Ved Hilde den   06.02.2010 11:17

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!