Søk

Ein vossing i Førde

jan 25

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
25.01.2010 16:14 

Eg har stort sett gått og smilt heile helga, så heller enn å sjå på den som slutten på førre veke, vel eg heller at den var starten på ei ny veke. Med andre ord har eg gått rundt og smilt i heile dag også, berre fordi den gode kjensla skal sitte i kroppen litt til.. Og jammen hjelp det å smila, i dag har ting gått som smurt! Frå ein liten idé på morgonen til ferdig sak kl 14, lett som berre det. Eg trur kvardagen handlar mykje om innstillingar, det gjeld å ha fokus på det som går bra og heile tida sjå nye moglegheiter framover.

Denne veka skal me på Oslotur, og det er heilt klart noko å sjå fram til! :)

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!