Søk

Ein vossing i Førde

jan 20

Posta av: Ingvil Aaen Torpe
20.01.2010 16:33 

Reportasjen frå Jølstravatnet på søndag, kom på lufta tysdag morgon. Den høyrer du her.  Ein lengre versjon finn du her.

I tillegg vart den første reportasjen min sendt i går, skal legge ut link til den også etterkvart.

Stas med saker på lufta, sjølv om det fortsatt er veldig uvant å høyra si eiga stemme på radio. I går hadde me besøk av logoped Jorid Løvbakk som gav oss litt av kvart å jobba med framover. Det er nemleg mykje å passa på! Unngå knirk, snapp og snøft, pass på stemmeleie, stemmestyrke og taletempo - og for all del: ha god flyt. Eg gler meg til dagen alt dette går av seg sjølv!

Det blir mykje jobbing framover, men det er trass alt derfor me er her. Neste onsdag reiser me til Oslo ein tur for å bli endå meir inspirert, eg gler meg til eit møte med gamle trakter igjen! :)

Tags:

Kommentar

Sv: Første saker på lufta

Du skaper trivsel med stemma di, veldig bra!

Ved Steinarr, eks-praktikant den   20.01.2010 23:49

Sv: Første saker på lufta

Tusen takk, det var kjekt å høyre!

Ved Ingvil den   22.01.2010 13:34

Sv: Første saker på lufta

Du e jo kjempeflink som radioreporter jo! Ingenverdensting å grue seg til det der! Braa jobba! :) Glede meg til å sjå deg neste helg! :)

Ved Jette den   23.01.2010 16:59

Sv: Første saker på lufta

Nåh, takk for det du! Gler meg til å treffa deg på fredag!! :)

Ved Ingvil den   24.01.2010 22:29

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 

 

Ingvil Aaen Torpe

Er ei vossajente som etter nokre år i hovudstaden har sett kursen mot vestlandet igjen. Dei siste åra har eg jobba både for Monster Entertainment, NRK og TV 2, og har erfaring mellom anna som regissør, manusforfattar og tv-fotograf. Av utdanning har eg ei BA-grad i Fjernsyns- og multimedieproduksjon frå UiS, samt grunnfag i medievitskap frå NTNU. Dette er bloggen min, kos deg med den!