Veka blei avslutta med besøk av Kari Sørbø som heldt eit interessant og inspirerande foredrag om intervjuteknikk. No er eg veldig klar til å gå ut og prøva det eg har lært i praksis. Sjølv om eg har jobba nokre år med tv, merkar eg at mykje er annleis med radio. Utan bilete vert alle opplevingar mykje nærare, og i mange tilfelle sterkare. Ein god radioreportasje får lyttaren til å lage sine eigne bilete til det som vert sagt, i staden for at ein får dei servert gjennom tv-skjermen. Det gjer noko med måten ein må tenkje på når ein er ute på opptak, og det er veldig spennande synest eg!
Sjølv om me kanskje ikkje var heilt stødige i intervjuteknikken, var me allereie på onsdag ute og laga vår første radioreportasje. Eg har alltid hatt litt angst for å høyre mi eiga stemme "på lufta", men det gjekk i grunnen greit. Det var verre å halda hovudet kaldt i intervjusituasjonen (og det hadde ingenting med hjerneristing å gjere!). Sak blei det no til slutt, det blir artig å høyre den igjen om eit par månader...
Søndag er det ut på opptak igjen, meir om det seinare. Ønskjer alle ei riktig god helg, høyr på radio! ;-)