Me lærer om fokus i journalistikken for tida. Ein nyheitsreportasje skal ha eitt, klart fokus. Ha alltid fokus i bakhovudet, vert me fortalt. Det er noko eg gjerne skulle ha hugsa på då eg var ein tur heime på Voss i helga. I staden fekk eg noko heilt anna i bakhovudet...
Eg stikk ikkje under ein stol at eg er glad i heimbygda mi. Alle vossingar er det. Men på denne tida av året er det, heilt objektivt, ein av dei finaste stadane i landet. Med kvite fjell mot knallblå himmel, måtte det jo bli ein tur på ski så fort sjansen baud seg. Gradestokken viste 29,8 minusgrader i bygda, men det var heldigvis langt mildare på fjellet. Alt låg til rette for at det skulle bli ein svært bra skidag for meg og min kjære!

Og det starta godt. Snøen låg berre og venta på oss, det var lite folk i bakken og me hadde god plass å boltra oss på. Det var rett og slett Myrkdalen på sitt beste!

Korleis det skjedde er eg ikkje heilt sikker på, men på eit eller anna tidspunkt mista eg fokus. Det gjekk som det måtte gå, rett på rygg med hovudet i bakken og ei lett fortumla jente som ikkje visste om ho skulle le eller grine. Sannsynlegvis gjorde ho vel begge deler. Etter ein rask sjekk kunne me konstatera at eg verken hugsa viktige fødselsdatoar eller gårsdagens middag, så det bar rett på legevakten for sjekk. Diagnose: hjerneristing. Utsjånad: Donald-kul. Medisin: kvile. Unngå: tv, internett og bøker.
Med andre ord - det kan bli nokre lange kveldar framover... Eg prisar meg lukkeleg for at eg brukte hjelm, frå no av skal eg gjere mitt beste for å halde fokus også.