Eg var ikkje heilt sikker på kva eg gjekk til då eg fekk vite at eg hadde fått plass på kull 12 ved Nynorsk mediesenter i Førde. Det einaste eg visste, var at det kom til å bli eit intensivt halvår med opplæring før eg med rette kunne kalla meg ekte journalist.
Det er klart eg var litt spent første dagen, men etter å ha truffe dei fire andre jentene på kullet og dei tilsette her på huset, gjekk det fort over. Det ser ut til å vere ein veldig kjekk gjeng!
Me har alt kome godt i gang med å lære både arbeidsverktøy og teori, og i dag var me for første gong ute for å prøve noko av det me har lært i praksis. Oppgåva gjekk ut på å intervjue ein av dei tilsette i redaksjonen, for så å lage ei radiosak av det. Sjølv om det berre var ei øving, fekk me kjent på kroppen korleis det er å jobba mot ei fastsett tidsfrist!
Opplæringa vår er lagt opp på ein slik måte at det skal vere mest mogleg likt ein verkeleg jobbsituasjon, og det er ingen tvil om at det blir mykje å lære framover. Eg gler meg til fortsetjinga og håpar du tek deg ein tur innom bloggen min igjen om ei stund for å sjå korleis det går!