Søk

Ingunn Rauk

feb 3

Posta av: Ingunn Rauk
03.02.2012 21:17 

Veka tok til med meir radio på måndag. Saka eg jobba med i helga blei sendt i Fylkesnytt frå kl. 8 og utover. Det var fint å få det første verkelege nyheitsinnslaget mitt på lufta.   

Etter å undersøkt tre saker parallelt utan å kome i kontakt med personane eg trong, fekk eg i hendene eit oppdrag frå desken. Ansvarleg for ettermiddagssendinga skulle diskutere Flora AUF sitt utspel om tilflytta ungdom som ikkje får stemme i Ungdommens bystyre, og ville ha meiningar om dette frå hybelbuande elevar i Førde. Eg sprang bort til Øyrane vidaregåande skule og fekk tak i nokre elevar med hybel. Møtet med dei vart til eit såkalla oppspark til diskusjonen i studio.   

Tysdag begynte opplæringa i redigeringsprogrammet for nettsaker. Dette var nok eit program å lære seg frå botnen, men ikkje ei teknisk openberring på linje med radioredigeringa. Radio var litt gresk i byrjinga. Nettredigering er meir som, tja, flamsk, ikkje veit eg. Utan å trekkje metaforen for langt kan ein kanskje sjå på media som ulike språk, som krev forskjellig innhald og som formar dette ulikt.    

Eg stoppar den medievitskaplege analysen der, det viktigaste her er korleis ein nyttar seg av verktya ein får. Vi fekk prøve oss onsdag, med nettvaktsjef Rune Fossum som kyndig rettleiar. Etter eit par øvingssaker fekk vi eit døgn, urealistisk lenge i høve til røynda på desken, til å produsere ei sak med mål om publisering.   

Eg valde å oppsøke KrFU Sogn og Fjordane under årsmøtet deira same kvelden. Dei vart case, eller representantar for saka om aukande politisk engasjement blant unge. Mykje er skrive om AUF sin vekst i kjølvatnet av 22. juli, men nesten alle dei andre ungdomspartia her i fylket har også fått fleire og meir aktive medlemer etter terrorhandlingane førre sommar. Saka blei lagt ut i dag ved lunsjtider. 

Då hadde vi besøk av Jan Ove Fretland, som er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har bakgrunn frå Språkrådet. Eg har tidlegare intervjua Fretland om sidemålet, som for dei fleste vil seie nynorsk. Det var nettopp dette sidemålet, for meg hovudmålet, som stod i fokus i dag.   

Eg reknar meg sjølv for å vere ein habil språkbrukar, men fekk friska opp att viktig kunnskap og lærte eitt og anna nytt. Det er dessutan inspirerande og moro å høyre på folk som er så engasjerte i norsk språkpolitikk og rettskriving som Fretland. Kall meg ein nerd, men skrivefeil og dårleg språkføring gir meg vondt i magen, og det er ingen spøk.   

Det er heller ingen spøk at eg no tek meg helgefri. Det blei lite av det førre helga. Eg trur òg det kan vere nyttig å samle tankane og kreftene til neste veke. Då skal vi nemleg lære om tv, og besøke sjølvaste NRK på Marienlyst!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks

Nyleg fylt 28 år og nyleg flytt til Førde for å lære ved å gjere det i journalistikken og NRK si teneste.