No er tida komen. Me er ferdige på Nynorsk mediesenter i Førde.
Me er jo ikkje heilt ferdige, for me skal jo vidare til andre redaksjonar rundt i det ganske land (hovudsakleg i Oslo) og ha praksis i to månader til.
Eg veit at eg har forsømt mine bloggplikter i det siste. Eg tek absolutt sjølvkritikk på det. Men det kan ikkje hjelpast. Eg har vore aaaaaalfor oppteken med desken og tv og radio og dill og dall og pakking og styr og herj og orn.
De lurer vel veldig på kva slags fysiske (.. eller psykiske..? eller metafysiske, kanskje?) resultat all denne herjinga har ført til? Her kjem det. I listeform:
- Eg laga TV om ein golfsimulator dei har rigga seg til med i Jølster. (som om det ikkje er gale nok å vera golfenke heile sumarhalvåret, så må dei ordna det til slik at mannfolka kan rømma ut om vintaren også.. neeeeiiiiida.. det var ein fin simulator..!)
-
Noko av det kulaste eg har gjort i løpet av tida mi på Nynorsk mediesenter, var når eg tok tattovering DIREKTE på radioen. Dersom de er enormt nyfikne på korleis den blei sjåande ut (den blei dritfin, om eg tør sei det sjølv.. men eg skal jo ikkje gje dykk forhåndsbias.), så kan de sjå den både på NRK sine nettside, og på facebooken til Midgardsormen tattoo.
- Så laga eg ei TV-sak om at skitrekka i fylket kan opna rekordtidleg. Det er jo fint. For dei som er suicidale nok til å setja utfor desse bakkane. Det er ikkje eg. Med mindre eg har akebrett. Og det har eg ikkje.
-
Siste dagen på radiodesken fekk eg lov å gjera det eg liker aller, aller best i heile radioverda, nemleg å gå rundt og drøsa med folk som utegåande reporter. Fyrst i føremiddagssendinga, sendte Birger meg berre ut. «Gå ut, og snakk med folk som frys», sa han. Så det gjorde eg. I ettermiddagssendinga gjekk eg bort på Førde Helsetun og høyrte julesong og snakka med ein bebuar om korleis jula var før. Beste radio-desk-avslutninga i verda. Spør du meg.
- Dei siste to dagane på NRK Sogn og Fjordane jobba eg TV. Då laga eg fyrst ei sak om at det ikkje vert Fjellsportfestival.
- Så dekka eg ein brann. Det er andre gonga eg har vore på brann. Den fyrste gonga var den sløkt. Denne gonga brann det enda. Det var heldigvis ingen inne.
Sånn. No har eg offisielt blogga om alt eg har gjort her på Nynorsk mediesenter i Førde.
For ei tid det har vore. Me har lært og lært. Og blitt sendt både hit og dit. Dette er nokre av tinga eg har lært i mi tid her. Nok ein gong i listeform:
- Vest er motsatt veg av aust. Og dersom du skal til vest, vert vegen enormt lang dersom du køyrer om aust fyrst.
No er det takk for meg! Det kjem nye praktikantar her på loftet 3. januar. Då byrjer eg i Banden i P3. Det vert enormt stas. Sikkert både for meg og dei nye praktikantane. Eg ynskjer dei (og kanskje også meg sjølv) hjarteleg lukke til!
For siste gong, kjære landsmenn:
Gå med nasen framover. Og SMIL til verda. Den smiler som oftast tilbake.
Litt vemodig
Hilde Matilde