Det er vinter. Det går mot jul. Eg frykter eg snart frys lausunge på meg. Det er jammen godt eg snart skal heim til mor.
Det har blitt færre og færre bloggar i det siste. Dette tek eg sjølvsagt fullstendig sjølvkritikk på. Men det har seg slik, at det er enormt hektisk å vera praktikant for tida..!
No har eg to veker å fortelja om. Herrejesus. Og eg har stort sett ikkje gjort det same to dagar på rad. Når du sit på nettdesken, slik eg har gjort ei av desse vekene, så er faktisk ikkje to timar på rad like. For eit tempo! For eit liv! For ei glede.
Nettet har vore den desken der eg har følt eg kom mest til kort. Det viser seg det, at sjølv om eg er svært glad i å skriva, så er det ikkje sim-salla-bim: her har du ein artikkel. Det er mykje ein må tenkja på.
Når me hadde førelesar om nett, fekk me beskjed av Andreas Grimsæth at me måtte tenkja litt tabloid. Kva kjem folk til å klikka seg inn på? Og oppmodinga tok eg alvorleg. Kanskje litt vel alvorleg. Fleire gonger har eg kome på overskrifter som høyres veldig ”WOW!” ut, men som kanskje ikkje har alle beina på jorda. Det er ikkje bra. Ein må jo ha belegg for det ein skriv! Og det forstår eg. Det er eg og medvitet mitt heilt med på.
Men hjernen er rar. Så av og til, når eg har lyst å gjera noko, bestemmer hjernen min seg for å gjera det på ein heilt annan måte. Så sit me der. Hjernen min og eg. Og kranglar så busta fyk. Og hadde me vore i ein bil, hadde sjåføren snudd seg sinna bak til oss og sagt: ”Anten teier de stille, elles så får de gå!”. Men det er ingen sjåfør. Det er ingen som får oss til å ta oss ei pære. Det er berre hjernen min innesperra inni skallen min, der han ligg og hyler og skriker som ein dritunge og vil verda kretsens nest mest tabloide. Det går ikkje an. Det har Rune også sagt. Og etter kvart kom eg og hjernen min også til ei slags semje.
Det går betre no.
I alle fall, så har eg produsert noko på nett sidan sist også! Eg skreiv maaaange artiklar om vêret. Mor mi hadde vore stolt. Ho er aktiv tilhengar av vêr. Eg har tenkt meir på vêr den siste tida enn nokon sinne før. Her er vêrsakene mine: 1, 2.
Eg har også gjort andre ting eg ikkje knyter stor meistringskjensle med. Til dømes skreiv eg om ein dom frå Sogn og Fjordane Tingrett. Eg skreiv om at dei er nesten vasslause i Bulandet, og at folk ikkje svarar på helseundersøkingar i Sløvåg.
Eg har også freista å skriva om krig og fred og politikk og sånn. Hahaha. Det er jo humor. Eg trur – i mitt stille sinn – at eg kan litt om politikk. Eg tykkjer i alle fall sjølv at eg forstår hitt og anna av det som kjem opp i media. Men det viser seg at eg framleis har mykje å læra. Om dette også.
I mitt eige forsvar, vil eg gjerne peika på at det i dette tilfellet handla om lokalpolitikk her i Sogn og Fjordane. Og det er greitt. Det kan eg nesten ingenting om. Eg har ikkje følgt med. I 28 år har eg vandra rundt på denne jorda, utan å ofra Sogn og Fjordane Arbeidarparti ein einaste tanke. Rystande? Kan hende det. Men slik er det no ein gong.
Eg skulle skriva ei nettsak etter ei radiosak som tidlegare praktikant Asgeir Reksnes hadde laga. Eg skreiv og publiserte, og var ganske godt nøgd. Så ringte telefonen. Og Asgeir hadde noko på hjartet. Det viste seg at eg ikkje hadde forstått så mykje eg trudde, og hovudpoenget var i alle fall heilt fråverande. Men.. med god hjelp frå Asgeiren, så gjekk dette også godt til slutt.
Eg avslutta veka med å vera med på ei avslutning. Bommen i Fjærland hadde sin siste virkedag fredag 26. november. Då var det fullt baluba, med heile pressekorpset i Sogn og Fjordane, ordførarar, saftprodusentar og heile to ministrar! Eg intervjua litt av kvart av folk, men som høgdepunkt vil eg nemna at eg fekk både Magnhild Meltveit Kleppa og Liv Signe Navarsete til å fnisa. Det er eg enormt godt nøgd med.
Eg kunne gjerne blitt fnisereporteren i NRK. For eg er faktisk ganske flink i å få folk til å fnisa. Mykje flinkare i det, enn i å forstå kven som er einige og ueinige i politikken, i alle fall.
Denne saka kom forresten på sjølvaste "Her og nå". Det er så enormt kult.
Denne veka har eg vore på TV. Det har vore fint. Alltid når ein startar på TV-desken, så skal ein fylgja nokon den fyrste dagen. Eg var med Simon Solheim og Torje Bjellaas og såg på at dei laga ei sak om skøyter og is. Og eg hadde jo heile vêrmeldinga innabords, så eg kunne bidra med tips om at kulda kom til å halda seg.
Så har eg laga ei sak! Den gjekk på Vestlandsrevyen torsdag 02.12. Det var veldig kjekt! Eg var ute og filma saman med Vegar, og redigerte dagen etterpå saman med Arne.
Nok ein gong slår det meg kor mange heilt vanvittig flinke folk eg får jobba med. Ettersom dette var fyrste veka mi på TV, har eg ikkje hatt så mykje med fotografane å gjera tidlegare. Men dei veit jammen kva dei held på med! Dei spring og fartar hit og dit når me er på opptak, og å sjå dei redigera i etterkant er heilt til å bli blaut i auga av.
Nok grining no.
Eg har laga radio også denne veka. Eg veit jammen ikkje kva som er gale med meg. Men noko må det vera. Eg skulle til Eikaasgalleriet oppe i Jølster og vera med på bokslepp av ”Jølster 2008”. (Det er ei fotobok av Oddleiv Apneseth og nokre til.)
Det starta då eg var på veg ut av Førde. Her er ALTFOR få rundkøyringar. Det resulterer i opptil fleire direkte dustete kryss. I det eine havna eg bak ein Saab. Den blinka og skulle same leia som meg. MEN KØYRDE ALDRI UT!! Eg har budd i Italia. Eg kan italiensk. Det var bannekurs på italiensk i Forden i krysset i Førde.
Eikaasgalleriet ligg midt i vegen. Altså, ikkje bokstavleg tala. Men nesten. Det skal ikkje vera vanskeleg å finna det. I tillegg ligg det jo på veg til Skei, og det er visst favorittvegen min. Det er i alle fall den eg alltid tar. Så ein skulle no tru at eg fann vegen ganske greitt..! Men eg køyrde og køyrde og køyrde. Skalv og fraus slik ein gjer i mangfaldige minusgrader. Og leita etter dette forbaska galleriet. Og akkurat når eg hadde byrja banninga på framandspråk igjen, og var ganske sikker på at no hadde eg NOK EIN GONG køyrt til Skei, rett forbi galleriet.. så låg det der. Som ei openbaring. Som ei sol i den kalde verda. Eg hadde ikkje køyrt meg vill. Eg berre trudde det sjølv.
Eg sprang og herja der inne og snakka med allslags folk. Såg i bok, såg på folk, fniste av toastmastaren. Hadde det fint. Så skulle eg heim. Gjekk til bilen. Og såg at her kom eg ingen veg. Den var parkert inne. Og ikkje av ei handterbar mengde bilar. Nei, skal du gjera noko, så kan du like godt gjera det skikkeleg. Det var sju bilar som hadde stengt inne bilen.
Det var minus 21 grader, og bekmørkt. Heldigvis (?) tok det meg berre 6 turar fram og tilbake for å finna ein av eigarane. Takk skal de jommen meg ha.
No er det helg! Og akkurat som sist gong det var helg, så er det fint. I morgon skal eg ikkje stå opp klokka 06:56. Det ser eg veldig fram til.
God helg, kjære landsmenn!
Og hugs: Det kan godt hende du er på den rette vegen sjølv om du sjølv er svak i vona.
Svevnhugen
Hilde Matilde