Søk

Skrive-Zahl

nov 23

Posta av: Hilde Zahl
23.11.2010 15:13 

Det har blitt fastslått igjen. Eg har ikkje retningssans. I dag har det vore heilt galskap.

 

Det eg skulle gjera

Eg skulle til Florø for å ta i mot passasjerar som kom svært forseinka frå Flesland. Der har det jo vore fullt baluba med utrykking, innrykking og full evakuering på grunn av ein koffert med ukjent innhald. Dette gjekk utover ganske mange folk. Deriblant dei som skulle fly til Florø lufthamn.

 

Så dit skulle eg. Beine vegen. Pittelitt nord og ganske mykje meir aust.

 

Og kvar reiste eg?

 

Til Skei.

 

Ganske mykje meir til nord. Og mot vest.

 

Vegen er lang

Når eg hadde kome fram dit, hadde eg slædda på glatte vegen 2 gonger. Nesten ikkje greidd å svinga i rundkøyringa. Og eg var så tissetrengt at ein stopp ikkje lenger var frivillig.

 

Eg hadde tenkt at når eg berre kom meg dit, så kom det til å vera eit skilt med ei pil til Florø. Men det var det ikkje. Det blei peikt til Fjærland, Sogndal, Nordfjordeid og Ålesund.

 

Eg ana noko var gale. Og tok fram SzaSza. Skreiv inn kvar eg ville, med utgangspunkt i kvar eg var.

 

Når eg då såg at tilrådd køyrerute gjekk gjennom Førde, forstod eg alvoret.

 

Eg måtte ringa til sjefen min for tida, Rune Fossum, og tilstå kor ufatteleg dust eg var.

 

Einsemd som straff

Så hadde eg 45 minutt åleine i bilen på meg til å grua meg til kor mykje kjeft og/eller hånleg latter eg kom til å få når eg kom heim. Og håpa og be om at det faktisk var eit fly med tidlegare stranda flypassasjerar som kom i 12-tida, slik at heimkomsten min kunne utsetjast og eg kunne køyra vidare på den rette vegen.

 

Det var ikkje fleire fly. Dei siste kom halv tolv. Då var eg på Jølster. Eg fekk beskjed om å koma heim.

 

Når eg kom tilbake, gjekk eg rett inn på kontoret til mødrene våre, Tone Lin og Randi. Hetta var på, og kroppsspråket var mildt sagt underdanig. Dei trudde eg kanskje hadde krasja. Nei.

 

Det hadde eg eigentleg foretrukke..! Då kunne det jo hendt at det ikkje var min feil. At ein eller annan fartsgal sunnfjording hadde slengt seg inn i sida på meg, og eg med nød og neppe hadde unngått nakkesleng eller forstua venstreside.

 

Kva tyder det, når ein føretrekk krasj i staden for hånleg latter retta mot seg sjølv?

 

At ein skjems så langt inn i sjel og marg at ein skulle ynskje det ikkje fantes andre menneske i verda. Og i alle fall ikkje på jobb.

 

Til spott og spe

Eg har funne fram eit aldri så lite kart for å illustrera kor utruleg feil eg har køyrt. Legg merke til kvar Førde ligg. Omtrent i midten mellom dei to ytterpunkta.

 

Heimkomsten

Når eg kom tilbake, blei eg satt til å skriva om stein.

 

Det gjorde eg. Sjølv om eg må innrømma at det er litt vanskeleg å skriva fornuftige artiklar med faktaboks og det heile om ting eg i utgangspunktet ikkje veit nokon ting om.

 

Som stein.

 

Det kan eg ingenting om.

 

Eg ringte til ein geolog. Han byrja å snakka om frost og sukker. Og eg tenkte på kveitekorn som er puffa med honning servert med mamma sitt heimelaga syltetøy på.

 

Eg skreiv ikkje om det i artikkelen.

 

Eg skreiv om stein.

 

For det var det eg skulle.

 

For ein dag. For ein heilt utruleg teit dag.

 

 

Så kjære landsmenn:

ikkje følg mitt døme. Sjekk forskjellen på aust og vest før du legg ut på reis.

 

 

Sentrert

 

Hilde Matilde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tags:

Kommentar

Sv: Er det søtt å vera ekstremt vims?

Noe av grunnen til feilkjøringen er når du tror at Florø ligger øst for Førde, og Skei ligger vest for Førde, slik du skriver. Det er jo faktisk stikk motsatt. Florø ligger på kysten av Norge, på VESTlandet - altså vest for Førde.

8-)

Ved Vegar Erstad den   23.11.2010 16:04

Sv: Er det søtt å vera ekstremt vims?

Noe av grunnen til feilkjøringen er når du tror at Florø ligger øst for Førde, og Skei ligger vest for Førde, slik du skriver. Det er jo faktisk stikk motsatt. Florø ligger på kysten av Norge, på VESTlandet - altså vest for Førde.

8-)

Ved Vegar Erstad den   23.11.2010 16:04

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen