Me startar, i kjent stil, frå byrjinga.
På tysdagen fekk eg to nyheitssaker eg skulle skriva! Som alle veit, så ligg ikkje nyheitene akkurat mitt hjarte nærast. Men dette gjekk eigentleg overraskande godt. Eg takla det. Trur eg.
Fyrst skreiv eg ein artikkel om at det er for få innvandrarar i politikken i Sogn og Fjordane. Så skreiv eg om ein stakkars politimeister som har fått tyn av sine eigne.
På onsdagen gjekk eg tilbake til meir magasinstoff, og skreiv ein artikkel om vindmøllebåtar og ein om insekt.
Saka om båtane hadde tidlegare praktikant Asgeir Reksnes laga til radioen. Og så skreiv eg den til nett.
Insekta fann eg på heilt sjølv, etter å ha blitt litt sjokka over å sjå mygg ute medan det er minusgrader. Det kan jo umogleg vera greie temperaturar for eit så lite dyr, tenkte eg. Og ringte til Petter Bøckmann.
Det er forskjell på folk. Enkelte får ein nesten ikkje eit pip ut av. Andre snakkar både på innpust og utpust. Petter Bøckmann er blant desse sistnemnde. Men han var jo veldig triveleg, og tok seg tid til å drøsa med meg sjølv om han var opptatt pappa ute på innkjøp.
Torsdagen tok eg for meg himmel og nase. Heilt normalt.
Eg skreiv om himmelfenomenet leonidene, som var i full sving i sist veke. Og om nasefenomenet forkjøling.
På fredagen blei eg sendt ut om morgonen for å ta bilete. Det var enormt kjekt. Eg sette meg i bilen og freste oppover E39 mot Jølster. Og tok bilete av kulde.
Etter å ha laga bildegalleri, fann eg ut at eg ville gjera meir ut av kulda. Så eg laga ein tips-og-triks-artikkel om kva ein bør tenka på når det er kaldt.
Så reiste eg til Bergen. Gjekk på rockekonsert og feira ein bursdag. Og no har eg så vondt i nakken at det ser ut som om eg har pådratt meg ein slags nifst nakkeskade. Men deg har eg altså ikkje. Det går fint. Eg har berre det som på rocksk heiter blodnakke.
Så! I dag! Så var eg ute på ”Hilde gjer ting ho ikkje kan live på radio”. I dag blei eg sendt opp på Slåtten skule for å gå på skøyter! Eg var livredd på førehand, og rekna ikkje med å ha alle bein intakte når eg kom att. Men det gjekk overraskande bra! Denne gongen også.
Etterpå reiste eg ut i verdas rolegaste bil, nemleg ein elbil. Og drøste og herja med ein finfin mann som er den einaste i Sunnfjord med elbil. Det er litt humor. Han kan parkera heilt gratis seks forskjellige plassar i Førde. Og lada bilen medan han sjølv er på jobb. Det er nokon som har det! Dette blei det både reportasje og nettsak av. Alt ligg inne i nettsaka. Berre sjå på den.
Så slik har det gått! Ei heil veke i ein liten (?) blogg.
Satsar på at det ikkje går ei heil veke til neste gong de får oppdatering.
Frå glattisen
Hilde Matilde