Søk

Skrive-Zahl

nov 11

Posta av: Hilde Zahl
11.11.2010 16:58 

Ein skal få køyrt seg litt! Og det er så enormt kult.

 

 

Bloggtips

På tysdag denne veka fekk me eit tips om ein kar som hadde blogga om at han hadde blitt ufrivillig arbeidssøkar hos NAV. I samanheng med dette tipset, kom det også fram at ein kar hadde fått seg sambuar i fylgje NAV. Heilt utan å vita det sjølv. Det er jo humor!

 

 

 

NAV er jo mykje i media. Og det er sjeldan eller aldri at ein får noko særleg gladsaker eller humorsaker frå den leia. Så eg tok på meg oppgåva med å endra litt på mediebiletet av denne statlege eininga.

 

 

 

Fytti rakkaren, så pompøs ein blir av å jobba i NRK. Hahaha.  

 

 

 

Det er ein del av systema til NAV som er så pass knotete at ein enkel brukar kan bli heilt andpusten. Så kan me jo sjølve tenkja oss at dei som arbeider for NAV bruker 9 (!) program som fungerer fullstendig uavhengig av kvarandre. Eg trur aldri eg kjem til å søka jobb hos NAV. Kanskje via. Men aldri hos.

 

 

Utegåande reporter

Etter å ha snekra saman denne saka blei eg sendt ut som utegåande reporter i ettermiddagsendinga.

 

 Berre høyr, altså!

 

Alle som kjenner meg, veit at eg berre er middels oppteken av mote og trender og liknande. Eg prøver jo å sjå skjebeleg ut. Men eg bryr meg ikkje meir enn rett over midt på treet. Ei som derimot gjer det, er Pia Haraldsen!

 

 

 

Og kan du ikkje tru – ho var i Førde på tysdag! For å fronta den nye kolleksjonen sin: ”Pia Haraldsen by Agape”. Og eg blei sendt ut for å høyra om julebordkjolen min var brukande.

 

 

 

Ho Pia

Pia stod der i butikken – som forresten var tom utanom meg – med kanoooonhøge hælar og Swarowski steinar rundt det heile. Og ho snakkar så lågt, at ingen som har vore på meir enn tre rockekonsertar i sitt liv har kjangs i havet til å høyre henne utan forsterkar.

 

 

 

Gro sa det dagen etterpå. At større kontrastar enn meg og Pia Haraldsen kunne ho knapt tenke seg. Eg er ganske einig. I meg er det lyd. Og forsvinnande lite Swarovski.

 

 

 

NAV-saka blei fyrst sendt i morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane i går. Då reiste eg til Stryn. På veg heim høyrte eg den i bilen når den gjekk i føremiddagsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

 

 

 

Så, når eg var vel framme i Førde, fekk eg melding av ein kompis frå Stavanger om at han hadde høyrt den!

 

 

 

Hæ?!

 

”Er du i Sogn og Fjordane?”, spurte eg.

 

 ”Nei, eg er på jobb”, svara han.

 

 

 

Så fekk eg beskjed om at saka hadde gått i Norgesglaset! Med Pål Plassen!

 

 

 

Eg holdt på å daue.

 

 

 

Heilt utan å vite det sjølv, har eg altså blitt riksa.

 

 

 

(Eg reknar med at alle som les bloggen min også las innlegget eg hadde om riksing, og at dette derfor ikkje treng vidare forklaring.)

 

 

 

Mnja. Men eg var altså i Stryn, da..! Der troppa eg opp på Stryn Vidaregåande skule for å lage ei sak om ein film som vert vist gjennom den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Den heiter ”Vegas”, og handlar om nokre ungdommar som ikkje har det godt. Eg laga reportasje om kva elevane og filmskaparen tenkte om filmen.

 

 

 

Denne turen var enormt fin. Eg er jo skrekkeleg glad i å køyra bil. Frå Førde til Stryn er det 141 kilometer. Eg for opp, var der i ein halv time, og feis ned igjen. Utan jetski. Enormt fint. Eg tok masse bilete. Dei skal eg legga ut. Ein annan dag.

 

 

 

I dag har eg også laga ei sak, men den skal ikkje på før i morgon. Så den er hemmeleg enn så lenge.

 

 

 

MEN! Det som IKKJE er hemmeleg, men som tvert i mot er svært OFFENTLEG..

 

 

er at eg i dag hadde jomfruturen min på FYLKESNYTT!!!!!

 

 

 

Det er – for dei som gjerne ikkje veit det – nyhendeoppdateringa frå Sogn og Fjordane, som går tre over kvar time frå 06:03 til 17:03.

 

 

 

Eg gjekk på lufta klokka 15:03.

 

 

 

Klokka 15:06 sa Tone Lin at no gjekk ho heim, for mitt energinivå ikkje var å halde ut.

 

 

 

For eg gjekk heilt amok.

 

 

 

Det er lett å begeistra meg. Og når eg då får lov å gjera noko som er såpass big deal som å lesa nyhendene, så går eg over alle kosteskaft!

 

 

 

Eg kom ut frå studio og var raud i trynet jamfør ein brannbil, og heilt ekstatisk. Det var så kjekt! Og eg trur ikkje eg dreit meg ut ein einaste gong! De kan jo høyra sjølve.

 

 

 

No skal eg på kino og sjå "Trolljegaren". Det blir fint. Eg går nesten aldri på kino. Då er det ekstra fint når eg fyrst gjer det.

 

 

 

 

Til neste gong, kjære landsmenn:

 

Gå amok! Og ten nyhendene med glede.

 

 

 

 

Med vaksenstemme

 

 

Hilde Matilde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen