Søk

Skrive-Zahl

nov 8

Posta av: Hilde Zahl
08.11.2010 14:42 

Det er ikkje berre er eg som er av den PR-kåte typen i familien. Brørne mine tel knapt. Dei har vore så lenge i media, at det blir nesten litt masete å snakka om dei.

 

 

Wikipedianarar

Både Jan og Geir har jo til dømes eigne oppføringar i Wikipedia. Det er litt galskap. Eg lurer på om eg får det nokon gong. Eg håper det tek litt tid. Eg tykkjer det virker altfor vakse å vera der. Då kan ein vel nesten knapt rølpa meir..?

 

 

Men det eg ikkje visste, var at onkelen min også har byrja å bli mediemann. Her er han i full fart! Bokstaveleg tala.

 

 

Far min var med i Stavanger Aftenblad allereie i 2007. Men då var han berre med på ein ”enqueTe”. Han har drive og skrive for Jærbladet også. Då har han laga bokanmeldingar. Men dei ligg ikkje ute på nett. Dårleg gjort.

 

 

Mamma har ikkje vore så frampå. Men ho er å finna i media, ho også..! I 2008 kom ho med i Haugesunds Avis, då ho delte sjokoladen sin med svigerinna mi, Britt Synnøve Johansen.

 

 

Svigerinna mi har forresten også eiga oppføring i Wikipedia.

 

 

Galskap!

 

 

For ein familie!

 

 

Mjuk start

I dag hadde eg ein svært mjuk og fin start på dagen og veka. Eg var i underetasjen der eg bur!

 

 

Eg gjekk på jobb klokka 07:30, og var jammen tilbake heime 08:00! Slikt kan ein leva med! Grunnen til at eg var heimom igjen, var at ho som eig huset har ein butikk i fyrste etasje. Der sel ho garn og stoff og symaskinar.

 

 

I dag handla morgonsendinga om strikking. Som ivrig strikkar blei eg sendt ut for å gje dei unge strikkarane eit andlet. Så huseigar Marit, eg og strikkegale Erna Eikås Engen satt og strikka og drakk kaffi. For eit herleg liv. Dette er verdas beste jobb.

 

 

Tilbake på huset

Når eg kom tilbake til NRK-huset igjen, laga eg ei nettsak på det heile. Den brukte eg store delar av dagen på. Det er jammen mange ting ein må hugsa på når ein skal skriva for nettet. Det som er litt greitt, er at eg kan dei fleste tinga til eg skal sitja på nett-desken. Viktig å vera tidleg ute..!

 

 

Eigentleg

Eigentleg var det meininga den pensjonerte utanriksreporteren Bjørn Hansen skulle koma og ha førelesing for oss i dag. Men.. han satt fast i Frankfurt! For han kjenner openbart ikkje si eiga vitjingstid, og reiste laaangt utanlands når han eigentleg skulle koma til oss.

 

 

Alle praktikantane var mildest tala skuffa og vonbrotne. Men kan hende me tilgir han etter kvart. Berre gje oss litt tid. Så skal me sjå på det.

 

 

Kjære landsmenn! Vonar dykkar veke har byrja like fint og mjukt som mi.

 

 

Gå i fred, og strikk til senebetennelsen tek dykk.

 

 

 

Melkegarnsmjukt

 

 

Hilde Matilde

 

 

 

 

 

 

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen