Mellom anna har eg vore i Svelgen og snakka med dei innfødde om korleis det skal gå med lokalsamfunnet dersom Elkem Bremanger vert lagt ned. Det er hjørnesteinsbedrifta i samfunnet, og folk er ganske redde for korleis det skal gå med staden dersom fabrikken forsvinn.
Berre høyr kva dei tenkjer.
Svelgar?
Me hadde ein liten samtale her på desken om kva ein kallar ein person som kjem frå Svelgen. Noralv meinte bestemt at dei heiter ”svelgarar”. I desse trekanttider fekk dette Silje og meg til å setja kaffien i vrangstrupa! Hahaha! Nei. Eg trur ikkje på han. Og kallar dei berre innfødde.
Eg skreiv også ei nettsak om dette. Viktig å jobba i fleire media. Det har Tone Lin og Randi sagt heile tida.
Konkurranseinstinkt
Eg er ikkje ein konkurranseperson. Eg eig ikkje innstilling til slikt. Om eg vinn eller taper – det bryr meg lite eller ingenting. No har eg jo etter kvart blitt stor nok til å kjøpa min eigen kroneis uansett korleis det går.
Det er i alle fall det eg seier. Men eg må nok innrømma at når eg blei sendt ut i duell med Karl Kristian, så kjende eg at eg ville vinne! Og korleis det gjekk, kan du høyra her.
Når me skulle ut på dette stuntet, gjekk det over stokkar og steinar. Me hadde berre eit utegåande-reporter-sett. Og det fekk KK. Eg skulle ut med noko anna som eg aldri har prøvd før. Det funka sjølvsagt ikkje. Heldigvis var eg berre rett oppe i gata frå NRK Sogn og Fjordane, og Birger Meland var ikkje på lufta. Han kom, han kobla, han redda.
Teknikken
Eg har hatt meir trøbbel med teknikken denne veka. I går skulle eg ut og snakka med nokre damer som er med på eit prosjekt som heiter ”Global Future”. Når eg kom tilbake og skulle redigera heile greia, så hadde eg jammen ikkje tatt opp intervjuet!!!
Pokker, skinn og bein.
Så eg måtte ut igjen! Og ta opp heilt på nytt. Og det er enormt bittert, for det fyrste intervjuet var supert. Det andre blei bra, det også. Men det var ikkje det same. Og eg blei litt sur. Men det gjekk fort over! Og eg kunne konstatera at eg faktisk får til å laga saker som ikkje berre handlar om rumperisting og tyleskap.
Freddan, sa e!
I dag har eg testa mine tekniske- og visuospatsielle evner. Eg blei sendt opp til Skei av Birger. Med monsterbil med mast og hurramegrundt, skulle eg liksom klara meg sjølv i dag! Der var puls. Og den var høg.
MEN!
- Eg hadde gløymt batteri, men hugsa å henta det heilt sjølv.
- Eg fann vegen!
- Eg tanka diesel i rett hol på monsterbilen
- EG KOBLA BILEN HEILT SJØLV! OG DET FUNKA!!!
Eg er så stolt, ein skulle trudd eg var mi eiga mor. Men det er eg altså ikkje. For det går ikkje an.
Eg skulle på trekkspeltreff! Og slik gjekk det.
Helga
Denne helga skal eg ikkje jobba. Eg skal ha fri. I kveld skal me ha glad-fest her på jobben. Det blir fint.
Eg skal drikka sjampanje, og feira at
EG HAR FÅTT PRAKSISPLASS I BANDEN I P3 ETTER JUL!!!!
Sånn. Då var det også sagt.
Tyrst
Hilde Matilde