Søk

Skrive-Zahl

nov 1

Posta av: Hilde Zahl
01.11.2010 16:57 

Eg har vore aktiv heile helga. Eg har vore på jobb både fredag, laurdag og sundag. Det har vore hektisk! Og det har vore kjekt.

 

Resultatet av denne arbeidsviljen blei at eg kuppa heile morgonsendinga i dag!

 

KULT! 

 

Me får ta det i kronologisk rekkefølgje.

 

Fredag

På fredagen var eg fyrst ute og høyrte på ein 3. klasse som las. Det var svært fint å vera tilbake i eit klasserom. Eg har jobba på ein barneskule på Bryne. Der var eg innom alle trinna, frå 1. - 7. Det er ein av dei kjekkaste jobbane eg har hatt!

 

Å vera lærar står for meg som ein av dei vanskelegaste og samtidig mest takknemlege jobbane i verda. Når ein er saman med ungar, må ein setja heile verdsbiletet litt i perspektiv. Ein må tenkja gjennom korleis ting heng saman på ein måte som me ikkje er vande med når me blir «vaksne».

 

Flatene skule

På Flatene skule i Førde hadde dei denne veka hatt eit leseprosjekt. Vel – eigentleg har dei leseprosjekt heile året på denne skulen, men denne veka skulle ungane få pengar for kvar gong dei gjennomførte ein «lesekvart». Pengane skulle gå til UNICEF, og deira prosjekt i Afrika med bygging av skular.

 

Solidaritet

Ordet «solidaritet» er eit ord som eg opplever at ein nesten har blitt for van med til å verkeleg forstå kva det betyr. Det er også eit ord som er enormt vanskeleg å forklara for ein åtte åring. Korleis forklarer du at andre ikkje har det så godt som oss til eit barn som ikkje forstår heilt korleis me har det her?

 

Ein åtteåring forstår ikkje kva oljefondet er. Hekkan, dei beløpa det er snakk om der, forstår eg det knapt sjølv. Ein åtteåring klarer ikkje å setja seg inn i korleis det kan opplevast å ikkje vera sikker på om ein får mat kvar dag. At ein ikkje får læra å lesa. Ein åtteåring tykkjer gjerne friminutt er det kjekkaste på skulen. At det å ha ein skule å gå til faktisk er noko me er heldige som har.

 

Flatene skule har freista å gjera noko konkret for at ungane skal få eit forhold til solidaritet, og det å villa forandra verda – om enn i liten skala. Ved å samla inn pengar, fekk dei kjensla av at dei bidrog. Det er ei praktisk tilnærming som ser ut til å ha virka veldig godt.

 

Saka mi om leseprosjektet på Flatene skule gjekk i ettermiddagsendinga til NRK Sogn og Fjordane.

 

Henging med ein hengar

Etter å ha vore saman med ungane, fôr eg ned i full fart til Plantasjen i Førde. Her skulle eg gå live inn i føremiddagsendinga for å snakka om ein hengar handelsforeninga her i byen skal lodda ut.

 

Den var eigentleg mykje mindre enn eg hadde trudd! Den skal vera «full» av varer for til saman 200 000 kroner. Det var den ikkje. Det kjem den heller ikkje til å vera. Varene står på eit lager. Men den som vinn, vinn alt saman. Det virkar jo litt fint.

 

Under dette innslaget fekk eg kjenna litt på kor små marginar som skal til for å få dårleg lyd. Det skurrar litt. Men det får ein leva med.

 

Nattcup

Om kvelden på fredagen var eg jammen på 'an igjen. Eg var på «Nattcup» med alle kondirmantane i Sunnfjord og Ytre Sogn i Førdehuset.

 

Der var stor stemning og hæla i taket når nesten 500 fjortenåringar skulle vera opp heile natta. Det var ein kjekk reportasje å laga. Eg tok usakleg mange bilete, slik Brit Jorunn kunne legga inn eit bildegalleri på nettet. Kult. Viktig å vera bevisst på alle media!

 

Laurdag

Så kom laurdagen. På fredag sendte Noralv ut førespurnad til alle praktikantane om nokon kunne tenkja seg å reisa til Aurland på Nynorske Litteraturdagar. Eg sa at dersom ingen andre melde seg, så kunne eg reisa.

 

Ingen andre melde seg.

 

Den evige problemstillinga

Me veit etter kvart alle saman korleis det er med meg og retningar. Eg var LIVREDD på førehand, og tenkte med skrekk og gru korleis i all verda det skulle gå med meg på denne lange turen.

 

Eg søkte opp kart, og såg på køyreruter. Eg fekk innføring i bompengebetaling og ferjebetaling og dieselfylling og alt av mine gode kolleger Asgeir og Brit Jorunn. Halleluja for fine folk på jobb! Og så bar det ut.

 

Herrejesus.

 

Der var puls. Og det er vel og bra! Det er betre med puls enn utan.

 

Og veit de kva, kjære landsmenn?

 

EG FANN VEGEN!!!!

 

Den var lengre enn eg hadde trudd. Og det var ikkje i Aurland, det var på Flåm.

 

MEN EG FANN VEGEN!!! HEILT FRAM!!

 

Blir framleis nesten litt rørt av kor flink eg var. Eg greidde å fylla diesel også.

 

  Klapp på begge skuldrene!

 

Hensikten

Eg skulle på eit bokslepp kombinert med eit tiårs-jubileum. Begge deler hadde Jens Brekke sentralt.

Jens Brekke ser på bileta teikna av Ola Bremnes (Foto: Hilde Zahl)

 

Han slapp boka «Dei seie so..» og feira at heftet «Illustert Tyleskap» hadde kome ut ti gonger. Det kjem ut ein gong i året. Så då hadde dei altså tiårs-jubileum.

 

I år feira han tiårs-jubileet med å koma ut med enda eit hefte, "Illustrert Graskap". Det er i praksis porno-humor. Og eg bit sjølvsagt på. Og ler og ler.

 

Han hadde med seg to illustratørar (!). Arnstein Mygland hadde illustrert boka, medan Ola Bremnes hadde illustrert heftene. Arnstein stilde med overheadplansjar. Ola stilde med kassagitar.

 

Eg fekk klem av han Ola. Difor får han også biletet sitt med seg i bloggen.

 

Ola Bremnes spelte ikkje opp til dans, men til humor. (Foto: Hilde Zahl)

 

Dette var enormt kjekt. Eg kjente ikkje til Jens Brekke på førehand, og visste nok ikkje heilt kva eg gjekk til. Men det eg gjekk til, var ein faaaaabelaktig humorkveld! Eg lo og lo og lo. Og prøvde etter beste evne å le inni meg. (Eg bryt ut i akutt angst og mister store hårmengder kvar gong eg høyrer mitraljøse-latteren min på radio)

 

Det var så bra. Det var faktisk så bra at når eg kom på jobb på sundag for å redigera radioreportasjen, så skreiv eg liksågodt ein nettartikkel om det også.

 

Du trur kanskje det ender her?

Det gjer det ikkje. På jobb spurde nemleg Malene om eg ikkje kunne vera forteljaren i ei handballsak som ho hadde laga også.

 

Så! I morgonsendinga i dag hadde eg 3 saker!

 

Eg er ein kuppmakar. Kan hende eg til slutt lager ALLE sakene i ei sending?

 

Nei. Det skjer nok aldri. Det får vera måte på.

 

Men eg har hatt ei lang arbeidsveke. Eg tok helg sundag klokka 17:00.

 

Ingen trong til sympati

Heldigvis diggar eg denne jobben. Det gjer meg faktisk ingenting å jobba så mykje. Eg har tross alt ikkje gjort det same to dagar.

 

No vil eg heim.

 

Der skal eg høyra «Hjerteknuser» ein ti-tolv gonger.

 

Så skal eg sjå krim.

 

Kjære landsmenn!

Gå rake i ryggen, og kjenn etter om ikkje arbeidshugen eigentleg er litt fin!

 

 

Skjelauga

 

Hilde Matilde

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen