Det fyrste som skjedde i dag tidleg, var at eg var med som utegåande reporter i morgonsendinga. Eg var med ein gjeng snekkerar som driv og set opp eit hus rett over gata for redaksjonen. Det var koseleg. Eg hadde allereie på meg kjeledress, og blei utstyrt med hjelm då eg kom på staden. Eg måtte skriva under på sikkerhetsklarering! Enormt humor.
SnikkarHilde
Riksas
Etterpå fekk eg mi fyrste sak på framsida til NRK.no! DET var stas, det! Eg skreiv denne saka då me hadde besøk av Andreas Grimsæth. Då hadde det nett vore verdas prevensjonsdag, så det var ganske naturleg å skriva noko om prevensjon.
Visstnok meinte framsida at eg var for dryg i bildebruken min, så dei endra eit av bileta mine. Det syntes eg var enormt kjipt av dei. (Sjølv om eg forstår dei heilt nede i venstre lilletå. Det er den einaste delen av meg som har blitt vaksen.) Opprinneleg var det eit bilete av ei banan med ein dong rulla delvis ned.
Bildeteksten var:
”PENISFUTTERAL: Tidlegare blei det brukt innvollar av dyr for å unngå uønska graviditetar, men etter moderne nyvinningar vert dei no helst laga av latex”
Kva i all verda kan vera gale med den?! Hæ?!
Her er i alle fall mi fyrste sak på nrk.no.
Inn for å fisa rett ut att
Nesten med ein gong eg hadde kome inn og fått varmen att på desken, så blei eg sendt ut igjen! Denne gongen for eg opp til Fjærland saman med Birger Meland, slik eg skulle læra å bruka sendarbilen til NRK.
Dette er, som ein seier på Jæren, eit krettur av ein bil. Svær, høg og brei, med antenne som kan gå sju meter opp i lufta på taket. Enormt kult. Det er litt av ein kunst å kobla saman alt på rette staden! Men Birger er ein driven kar, og no truuuuur eg at eg kan det, eg også. Eg har jo sjølvsagt aldri gjort dette aleine. Men eg kan det i teorien. Og det er framsteg.
Utfordringar i kvardagen
Stadnamn er vanskelege. Eg har konsekvent heile dagen sagt at eg var ”på” Fjærland. Det var eg visst aldri. Eg var I Fjærland.
Bre (dina vida vingar?)
Grunnen til at me reiste opp hit var todelt. Fyrst var eg inne på Bremuseet og snakka med museumsdirektøren om sesongen som har vore. Den har visst vore god. Eg kjem, som kjent, frå Jæren. Der kan ein tydeleg sjå at det har vore snøbre – om ein berre veit kva ein skal sjå etter. Men det er kanonlenge sidan den faktisk var der.
Eg har med andre ord aldri sett ein isbre på kloss hold før.
Eg har no fått med meg at isbreane er på veg tilbake, og at det ikkje er bra på nokon måte. Difor blei eg litt fnisevoren når sjølvaste museumsdirektøren beordra inn ein ekte klump av ein isbre! Er det ikkje eit lite poeng å freista å ta vare på det som er att av breane? Eg berre spør.
Ikkje det at eg klagar på at dei tok den inn! Eg fekk sjå ein bit med is som er eldre enn stavkyrkjene i Noreg. Det er så kult at det er litt teit. Eg tok på den også. Den var kald.
Du kan lett høyra saka her.
Bom. Stopp.
Etterpå daffa eg bort til bomstasjonen som ligg på vegen mellom Fjærland og Sogndal. Den skal snart leggas ned. Det er fint for alle som køyrer på denne strekninga, og kjip-o-rooney for dei som jobber der. Der traff eg ei dame som heiter Hilde.
Enormt fint namn.
Ho har jobba her i bua sidan stasjonen opna i 1994. Den 26. november er det slutt for henne i denne jobben. Då må ho ut på marknaden og finna seg noko nytt. Og det vert vanskeleg for henne å fortsetta som bomvakt, ettersom det nesten ikkje er bomstasjonar att i Sogn og Fjordane.
Ho får flytta til Rogaland.
Eg skreiv også ei nettsak om dette møtet. Der la eg også ut lyden. Heilt i orden om du har lyst å både lesa og høyra. Den er her.
Ivo
Når all denne jobben var gjort, gjekk eg tilbake til Bremuseet. Og her fekk eg meg ei oppleving. Det virkar som alle museum med respekt for seg sjølv har ein film. Dei hadde de t i Aasentunet også.
På Bremuseet fekk dei sjølvaste Ivo Caprino til å produsera sin film. Og den var heilt BA-NA-NAS! Dei hadde fore over alle isbrearmane og –tarmane med helikopter. Dei festa 5 kamera (!) på botn, og i salen var det også 5 (!!!) skjermar. Dei fauk høgt og lågt og så tett oppåt nokre av knausane at det var nifst. Dei gjorde nokre dykk ned frå nokre gaaaaalbratte stup.
Eg mista all kontakt med indreøyret. Eg blei kvalm. Av å sjå på film. Og ikkje på ein ekkel blod-splætt-og-gørr måte. På ein sånn ”ååååå-herreguuuuud-berg-og-dalbane”-måte. Det var heilt enormt.
Eg anbefaler ALLE å ta seg ein tur innom Bremuseet. Super oppleving.
No, kjære landsmenn. Er eg mett av dagen. Eg vil heim.Sjølv om eg har fått både vafler (takk skal du ha, Vegard!!!) og kake etter eg kom tilbake. No vil eg heim til spøtet mitt. Eg har tenkt nok for ein dag.
Der skal eg lasta ned Moi sin versjon av "Hjerteknuser". For den får eg ikkje nok av.
"Lurer på om du fins der ute no.."
Geispande
Hilde Matilde