I dag har me hatt fyrste dagen på desken. Det var nifst!
Nokre av oss fauk ut med ein gong. Karl Kristian var utegåande reporter og var ute og gjekk på ski. Når han hadde kome heim derfrå, stakk han rett ut att for å laga ein reportasje om julebakst. Hans Kristen forsvann ut, han også, for å vera med nokon til Florø. Skal sei. Og her sit eg. Og leiter etter saker eg kan laga i framtida.
Eigentleg vil eg jo ut og vera utegåande reporter, eg og. Det er slike ting eg liker å jobba med. Men eg var jo på det på fredag! Og eg skal ut att i morgon.

JIPPI!!!

Jomfrudagen
Dagen min i dag har vore ein «typisk journalistdag». Eg har sete på plassen min og leita etter saker, og venta på svar frå dei eg har lyst å laga sak om i dag. Det tar si salige tid å få svar! Heldigvis er det enkelte som stiller villig vekk også, så eg hadde den eine halvdelen av saka klar klokka halv tolv.
Dagen for ein journalist på ein desk er mykje på telefonen. Eg ser meg rundt i landskapet, og her er dei fleste på telefonen. Anten det, eller så driv dei og skriv og knatrar.
Kjendiseri
Eg fekk kjendisbrukardosa min! Eg fekk snakka med Tone Damli Aaberge på telefonen. Det var fint. For ei hyggeleg jente. Mange meiner mange ting om henne og andre som har kome mykje i søkelyset. Det har lett for å bli veldig negativt.
Ein har rett på meiningar. Det er fint at folk tek stilling til musikk og ytringar som kjem. Det ein ofte gløymer i slike samanhengar, er at det er i utgangspunktet heilt alminnelege folk det er snakk om. Tone var kjekk. Eg høyrer forsvinnande lite på musikken hennar. Men ho var kjekk.
Om det å bli kjendis
Det er veldig mange, veldig unge som veldig gjerne vil bli kjendisar i dag. Eg hugsar då eg var lita. Då tenkte me ikkje så veldig mykje på det. I alle fall ikkje på Bryne. Der handla det mest om kven som var best å hoppa strikk, og kven som hadde dei kulaste øyredobbane. Eg kom ikkje på topp i nokon av desse tevlingane.
Men me hadde ikkje det jaget eg ser antydningar til no. No skal ein ha dei kulaste øyredobbane i heile kongeriket, fyrst av alle. Ein må vera flinkast i landet i synging eller dansing, på same tida som ein ser heilt perfekt ut heile tida. Det er ikkje realistisk. Ungane ser på bilete i blad og reklamar av damer som har blitt retusjerte til det ugjenkjennelege. Og dei trur at det er slik ein skal sjå ut.
Konsekvensane
Dette fører i mange tilfelle til fleire svært negative ting. Spiseforstyrringar, sjølvpining og eit sjølvbilete heilt nede i mudderet. Dette fortener ikkje ungane.
Eg har inga grad i medisin, men fornufta min seier at dette kjem til å ha langvarige konsekvensar som kan vera svært alvorlege. Når ei unge ikkje et skikkeleg fordi han trur at han vert feit av det, vil dette ha innverknad på veksten. Ikkje berre den fysiske, men også den mentale. Ein hjerne som ikkje får nok drivstoff klarer ikkje å konsentrera seg, og dermed ta til seg læring. Ein kropp som går på tomgang vil ikkje utvikla seg slik den skal, og ein kan få problem med bein og musklar.
Skal det vera viktigare for ein unge å sjå ut som ein profesjonell, vaksen modell enn å utvikla seg?!
Verda kjennes ofte urettferdig. Me må verna om barna. Me må la dei veksa opp. Me må la dei vera barn så lenge som mogleg. Dei skal tidsnok ut i den vaksen verda med alle dei forventningane det fører med seg.
No er det nok moral for i dag!
No skal eg på butikken. Der skal eg ikkje kjøpa verken slankemiddel eller ansiktssparkel. Eg skal ha brød og melk.
Så kjære landsmenn: Pass på barna rundt dykk. Dei er jo - som kjent - framtida vår.
Heilt slankefritt
Hilde Matilde