Søk

Skrive-Zahl

sep 15

Posta av: Hilde Zahl
15.09.2010 10:46 

Dagane flyr, og me er stadig ute på nye og spanande ting. Eg har no hatt to saker på etaren, og begge to har handla om dans!

Den fyrste saka eg laga, handla om magedans. Trine Bjarkøy er frå Bergen, og driv med magedansopplæring gjennom Happy Hips i Førde.

Eg var med på prøvetime med magedans, og kunne etterpå slå fast at det som vert sagt om stive nordmenn også gjeld i mitt tilfelle. Eg droppa, shimmya og dissa så godt eg berre kunne, men tykkjer ikkje det likna nemneverdeg på det Trine fekk til. Likevel, det er ingenting å sei på innsatsvilja!

Dersom du har lyst å høyra innslaget mitt om magedans, så finn du det her:

www.nrk.no/nett-tv/klipp/666676/

Seinare i veka var eg på breakdanceshow! Saman med alle ungdomsskuleelevane i Førde såg eg Freestyle Phanatix Bust da Breakz.

Freestyle Phanatix er ei gruppe med base i København. Dei hadde vore på ein to vekers tour de Sogn og Fjordane for å spreia den glade streetdancebodskapen.

Eg skulle ut å køyre bil igjen. Som vanleg (og naturleg) var eg relativt nervøs i forkant. Eg sette meg inn i NRK-stasjonsvogna 45 minutt før tida, slik eg hadde minst 30 minutt til frustrasjon og villfaring. Men! Kjære landsmenn! Eg fann vegen! Det vil sei at eg kom altfor tidleg fram, og fekk litt drøsetid med gutane på førehand.

Dei skulle til på det tredje showet denne dagen, noko både dei og dunsten i gymsalen på Halbrend Skule bar preg av. Men jøje meg, til framsyning dei hadde likevel! Dei snurra opp og ned og rundt og tilbake, og så ei gong til. Og både eg og ungdommen forøvrig kosa oss som små barn i snopebutikken.

Denne saka gjekk til alt overmål to gonger på radioen! Og dersom du har lyst å høyra den ei, to eller enda fleire gonger, kan du stilla hjartas lyst her:

www.nrk.no/nett-tv/klipp/666656/

Det var alt for denne gong, kjære landsmenn! Til neste gong: Gå i fred og ten livet og lysten med glede.

 

Ærbødig

Hilde

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen