Søk

Skrive-Zahl

sep 1

Posta av: Hilde Zahl
01.09.2010 19:13 

Den einaste plassen der eg aldri har gått meg vill, er på Bryne. Der vaks eg til gjengjeld opp, og eg brukte mykje tid ute i leik og galskap.

Etterkvart som eg har flytta rundt, har eg hatt nærast obligatoriske turar der eg brått stansar opp og tenkjer ting som til dømes: "Kvifor er det fire felt med hurtiggåande biltrafikk på denne turstien?". Eller den klassiske: "Eg er nesten heilt sikker på at eg bur rett rundt det hjørnet. Altså det komande no. Då er det i alle fall bak neste."

Mange vil påstå at slike erfaringar ikkje kjem når ein bur på ein liten stad som Førde. Dei tek feil.

Fyrste helga mi her i byen gjekk eg meg nemleg vill. På veg heim i mørkret kom eg i snakk med bygdefolket, og kom difor omlag 20 meter ut frå den leia eg eigentleg skulle. Det var nok i bøtter og spann. Eg enda opp med å rutle rundt blant store bølgeblikkboksar med store parkeringsplassar i det eg berre kan anta at er industriområdet i Førde.

Eg er ikkje industri. Eg arbeider ikkje i den, og treng strengt tatt ikkje vita kvar den er. Det gjer eg forsåvidt enda heller ikkje heilt, ettersom eg måtte få hjelp av ei drosje for å koma meg vekk derfra.

I ettertid har eg forstått at det eg trudde var rett veg var akkurat motsatt av den som i realiteten er det. Men livet er ein smal sti, og det er lett å koma av den. For enkelte lettare enn for andre.

I dag skulle ut på oppdrag for å ta opp lyd om lampar. Eg gjekk til Tone Lin Støfring, og la fram ynskje om å spasera opp til dei store varehusa i Førde. Ikkje problem det, sa eg, eg har vore der før! Ikkje tale om, svara Tone Lin, du går deg vill. Ta bilen. Så eg gjorde det. Eg eig ikkje bil sjølv, og begge bilane i barndomsheimen min har etterkvart blitt automatgirde. Eg har med andre ord ikkje gira på eigen hand dei siste 4 åra. Det var med noko skjelvande innside eg gjekk til Jorun Eikås og ba om bil. Etter å ha fått stadfesta mistanken min om at kløtsjen skal vera inne når eg startar bilen, så for eg av garde.

Som nevnt, har eg gått til området før. Vegen er bein, så skal ein til venstre i ei rundkøyring. Tingen er berre den, at avstandar virkar annleis på kroppen når ein går enn når ein køyrer. Så eg kom til ei rundkøyring, og tenkte at det er nok den neste. Men så kom aldri den neste..! Når vegen blei meir og meir svingete, og kilometeravstanden til Ålesund blei oppgitt, innsåg eg at eg no også hadde køyrt meg vill i Førde.

Eg svingte av ved næraste sementfabrikk og snudde tvert. Når eg kom til rundkøyringa, svingte eg igjen. Eg kom fram til slutt. Denne ganga også.

Lyden om lampane fekk eg også! Kan hende den kjem på radio. Kan hende eg fortel om den i neste blog.

Følg med!

Takk for no, og god kveld.

Hilde Matilde

Tags:

Kommentar

Sv: Jærbu - rysta ikkje rørt.

Skjønne Hildemor! Klassisk!

Ved Gerd Johanne den   02.09.2010 06:38

Sv: Jærbu - rysta ikkje rørt.

Herlig lesing. Ler og er heilt enig. Stedsans, kor er det???

Ved tonje den   02.09.2010 20:19

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hilde Zahl

For 28 år sidan, midt i jordbærsesongen, såg eg for fyrste gong dagslys.

No tek eg fatt på eit halvår som nynorskpraktikant. Eg ser fram til å laga saker både på radio og TV på det eg kallar mitt eige språk - nynorsk. Eg har vore borti radio tidlegare, i Studentradioen i Bergen, der eg var delaktig i kulturredaksjonen. No skal det bli spanande å "bli alvorleg", laga nyhendesaker og reportasjar frå Sogn og Fjordane i fyrste omgang.

Dette er min blogg. Her skal eg freista å skildra mest mogleg av opplevingane min. Spre ordet, og følg med!

Søk i bloggen