Søk

Pining for the fjords

jan 31

Posta av: Hans-Olav Rise
31.01.2012 18:02 

Fakta:
  • Dato: 30.01.2012.
  • Stad: Nynorsk Mediesenter, Førde.
  • Syssel: Skrive blogginnlegg.
  • Tid brukt: Mykje.
  • Lydklipp lasta opp og klargjort: 5.
  • Bilde redigert og klargjort for opplasting: 4.
  • Ord skrive: Veldig mange.
  • Spenningsoppbygging: Ja.
  • Korrekturlest: Ja, nesten alt det skrivne.

Lærte eg noko nytt i løpet av denne tida brukt til bloggskriving etter arbeidstid? 

JA, fleire ting.

  • Lagre undervegs.
  • Ikkje kom tilfeldigvis borti backspace når du lastar opp og skal legge inn bilde.

For kva skjer då?

  • Jau, når du kjem litt borti backspace, så forsvinn alt. Ikkje berre den vesle boksa (som eg trudde var ekstern), men alt du har skrive. Enormt gode formuleringar, tvistar, mellomtitlar, linkar, historier osv. 

Kva skjer like i etterkant?

Kva skjer den påfølgande timen?

  • Wordfeud og YouTube.

Vil det eigentleg blogginnlegget nokon gong kome?

  • Ja.

Seriøst??

  • Ja, faktisk.

 

Eg skal skrive meir aktivt framover. Først kjem det eit lett oppsummerande innlegg (når apatien har lagt seg), før det blir meir hyppig oppdatert. Både om jobben (som er supermegaknall (ingen ironi (seriøst altså))), og om meir generelle ting. 

 

Takk for no.

 

Hans-Olav.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks

Hei, Hans-Olav Rise her. Fakta: Høg, blond, storkjefta, sta og snill. Kjem frå Ulsteinvik, på Sunnmøre, er 20 år, og er ute av guterommet for første gong. 

Glad i musikk (for det meste Tom Waits), film, mat og sport. Les lite bøker, enormt med aviser og nettaviser, og har grei peiling på korleis verda rundt meg fungerer. Dårleg i lokalgeografi (trur Sogn og Fjordane er sør for Møre og Romsdal?), men legg all skuld på skulesystemet og/eller foreldre.

Dei fire andre praktikantane har skrive at dei er i Førde, så då slepp eg det.