Søk

Pining for the fjords

jan 12

Posta av: Hans-Olav Rise
12.01.2012 15:42 

No har det gått litt over ei veke sidan vi starta som praktikantar her i Førde. Vi har laga prøvesaker, og skal lage mykje vidare, noko som har blitt - og kjem til å bli i enda større grad - ei vanesak.

Det eg derimot ikkje klarer å venne meg til heilt hundre prosent, er det å måtte stå opp så himla tidleg. Ein må vere på plass i NRK-bygget 08.00, og då bør ein helst stå opp seinast 07.00 om ein skal få stelt seg og ete ein skikkeleg frukost.

Eg har alarm på klokka 06.30 og 06.45. Den første av dei to kan eg eigentleg berre fjerne, den andre må bli. For litt trykking på slumreknappen blir det alltid. Ellers har eg tenkt og prata mykje om ei vekkarklokke, men så langt har det blitt med pratet. Dette til tross for at Euronics har utsal eit steinkast med keiva frå der vi bur...

Søvn

Litt slumring til tross; eg kjem meg opp etterkvart. Det er derimot berre så vidt, for når TV-serien "House" har sendestart rundt midnatt på NRK 3, så er det vanskeleg å slå av fjernsynsapparatet og sovne.

Samtidig er mobilspelet Wordfeud ein enorm distraksjon på kveldane. Eg, og spesielt Wilhelm, har spelt uhorveleg mykje. Vi blei også intervjua i morgonsendinga her i NRK Sogn og Fjordane av akkurat denne grunnen. I den sendinga fekk Wilhelm, ved sidan av å prate litt om Wordfeud som meg, avkrefta at vi bur i eitt stort homofilt kollektiv. Berre for å vere på den sikre sida. Lurt...

Men tilbake på tema. For det som er med både TV og mobilspel, er at eg ikkje sit lenger oppe enn dei to andre. Allikevel skulle ein trudd at eg hadde to timar mindre søvn i kroppen neste morgon.

31-åringen frå Kvamsøya, med fortid i Barne-TV, er A-mennesket av oss. Han opna praktikanttida med joggetur før frukost, og er generelt så vaken at eg mistenkjer stoffbruk. Han er alltid oppe, og preparer alt mogleg. Eg på mi side kjem ut etter ei lita stund, og lagar meg frukost. Gjerne blir det akkurat med tid, og eg må vel ta på meg rolla som B-mennesket. 

Sistemann, utenrikskorrespondenten med lange lokkar, klarer eg derimot ikkje plassere. Han er ikkje oppe tidleg, og ei heller ute og mekkar enorme frukostar, men samtidig er han overraskande oppegåande når han først kjem inn på kjøkenet. Han kjem alltid ut like før jobb, og er lys vaken. I det store og det heile mistenkjer eg Raymond for insomnia. 

Men tida får vise. Det kan hende at Wilhelm ikkje er på kokain, og at Raymond ikkje har insomnia. Vi får sjå.

Så langt har i alle fall tida i Førde vore fin. Forhåpentlegvis blir døgnrytma etterkvart like bra som trivselen.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks

Hei, Hans-Olav Rise her. Fakta: Høg, blond, storkjefta, sta og snill. Kjem frå Ulsteinvik, på Sunnmøre, er 20 år, og er ute av guterommet for første gong. 

Glad i musikk (for det meste Tom Waits), film, mat og sport. Les lite bøker, enormt med aviser og nettaviser, og har grei peiling på korleis verda rundt meg fungerer. Dårleg i lokalgeografi (trur Sogn og Fjordane er sør for Møre og Romsdal?), men legg all skuld på skulesystemet og/eller foreldre.

Dei fire andre praktikantane har skrive at dei er i Førde, så då slepp eg det.