Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
des 22

Posta av: Hans Kristen Hyrve
22.12.2010 08:58 

Det er siste dag i Førde. Snart ventar juleavslutning. Før det kjem nokre ord om tida ved Nynorsk mediesenter:

1. Det opplagte er sjølvsagt at vi har lært vanvittig mykje, at det har vore intenst osv. Både radio, tv, nett har stått på timeplanen. Og eg har vorte vanvittig mykje tryggare som journalist. I tillegg har eg fått ein ny hobby her. Vi har fått låne fine kamera. Dei har vore med oss overalt, på alle reportasjer og turar. Eg har også brukt mitt ganske flittig på fritida. Ei kjapp førelesing om fotografering gjorde meg hekta. Nynorsk mediesenter: Ikkje berre ei journalistutdanning i buljong-format, også ein stad å oppdage dei finaste syslar.

2. Eg har skjønt kvifor det er kjempelurt at Nynorsk mediesenter ligg i Førde og ikkje i ein større by. Hadde eg hatt same opplegget heime i Oslo, ville eg neppe ha fått same utbytet. Ved å måtte koma til Førde (nokre kjem sjølvsagt frå Førde, men dette gjeld oss andre) hamnar ein i ein slags unntakstilstand. Ein har ikkje dagleglivet sitt, dermed er det lettare å hive seg med på alle moglege kveldsreportasjer osv. Det er greiare å kunne slite seg litt ut i Førde enn i trygge omgjevnader.

3. I staden for å taste i veg om alt mogleg: Her er dei sakene eg sjølv liker best:

 - Norske skrivemåtar blir ikkje brukt

 - Dugnadsarbeid i Sogn og Fjordane har resultert i fire skular på Haiti.

 - Her er eit bilete eg er glad i. Det er frå nedlegginga av bomstasjonen i Fjærland. Fotballpresident Yngve Hallén var siste betalande gjennom bommen. NRK-reporter Birger Meland intervjua han:

(blogginnlegget held fram under biletet)

Birger Meland intervjuar siste betalande gjennom Fjærlandsbommen (Foto:Hans Kristen Hyrve/NRK)

 

4. Eit par saker kom på radio i innspurten mot jul. Den fyrste handlar om at transportnæringa slit når drivstoffprisane går opp. Den andre handlar om jul på krisesenter. No er det tid for juleavslutning på loftet.

God jul!

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Kristen Hyrve

Hans Kristen Hyrve (Foto:Hans Henrik Løken/NRK)

Eg er 25 år, kjem opphavleg frå Skjåk, men har også budd på Vinstra, i Tromsø, Oslo og Sankt Petersburg før eg no er busett i Førde eit lite halvår. Har mastergrad i Russlandskunnskap, er glad i musikk, film, teater og kunst, gjerne det litt rare eller eksperimentelle. Har ei fortid i samtidskunstprogrammet Neu på Radio Nova. Driv elles med musikk og tenkjer mykje på korleis storsamfunnet formar individa.