Det nærmar seg slutten på opphaldet i Førde. Vi har passert både julebord og siste førelesing. Likevel er det ikkje over enno. Det er framleis tre heile og ein halv dag att.
Derfor er ikkje dette blogginnlegget eit farvel til Førde, men nok ei oppsummering. På bloggen min har det aldri vorte sensurert. Det er jo ikkje alt eg er like tilfreds med, men alt har hamna her. Denne gongen har eg hatt oppriktig tvil. Må alt liggje lett tilgjengeleg på bloggen min?
Eg kom fram til at sjølv det eg ikkje orkar høyre på sjølv skal liggje her. Det som er pinleg har underhaldningsverdi. Eg spanderer kaffi på den som skjønar kva eg sjølv tykkjer er det flauaste innslaget.
To veker med radioarbeid har ført til desse sakene:
Den siste radioøkta mi starta med eit lite brak. Endeleg vart eg ganske tilfreds med ei sak. Det var visst andre også, for ho vart sendt på Her og Nå, Kulturnytt i P2 og Alltid nyheter i tillegg til morgon- og ettermiddagssending i NRK Sogn og Fjordane. Saka handlar om ei rekkje ord som kom inn i rettskrivingsnorma i 1996, men som knapt nokon brukar.
Neste sak handlar om at politikarane i Flora pratar så mykje at bystyremøta tek opp til ti timar.
Showkoret Surround heldt førjulskonsert i Førde. Det laga eg sak om.
Nordfjord sjukehus kan bli lagt ned. Det har skapt mykje brudulje. Denne radiosaka om ein folkeleg songaksjon på Lucia-dagen hamna på Nyhetsmorgen i P1, P2 og Alltid Nyheter. Under sjølve aksjonen var eg fotograf. Bileta ligg i denne nettsaka.
Eg har debutert som sportsjournalist. VIsste du at det er nedgangstider for volleyballen i Sogn og Fjordane? Ikkje eg heller før Hans Henrik laga ei nettsak om det. Deretter skjedde noko heller sjeldan: Nettsaka vart både til ei radiosak og eit tv-innslag på Vestlandsrevyen. Radiosaka laga eg.
Plutseleg var det tid for å vera utegåande reporter. To gongar på ein dag, både i føremiddags- og ettermiddagssending. Fyrst var eg på postkontoret for å dekkje stemninga der 16. desember. Det er den siste datoen Posten garanterer at korta og pakkene ein postar kjem fram før jul. Eg gjekk ut frå at stemninga var påklageleg, og tok med meg gitaren.
I ettermiddagssendinga handla det om julegåver, handlemas osv. Eg var med som utegåande reporter frå ein butikk som har bruktsal og rettferdig handel som si nisje. Der prata vi om alternative julegåver.
Eg reknar med at det berre går få dagar før eit nytt blogginlegg ligg klart. Vi har jo passert både siste førelesing og julebordet.