Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
nov 23

Posta av: Hans Kristen Hyrve
23.11.2010 16:12 

Ei lita oppdatering på kva eg har halde på med dei siste to vekene:

Det fyrste eg laga i fjernsynsperioden min var ei radiosak. Ho handlar om det kreative miljøet i Dale.

Etter denne radiosaka sette arbeidet med fjernsyn i gang for fullt. Fyrste stopp var Øvre Årdal, kor tre fotografar har portettert bygda på kvar sin måte i utstillinga "Årdal - hva?".

Neste fjernsynsreportasje handla om fire skular som har vorte bygd på dugnad og vert sende til Haiti.

I den siste fjernsynsreportasjen min i denne omgang reiste eg attende til Øvre Årdal. Rett nok med ny fotograf, men vegen var den same. Denne gongen såg vi på dei digitale tavlene i klasseromma.

Eit bilete frå redigeringsrommet:

Pause på redigeringsrommet (Foto: Hans Kristen Hyrve/NRK)

 

I gang med nett

Etter to veker med fjernsyn har eg hatt to dagar på nettdesken. Fyrste dagen var eg knapt der, for eg var sendt ut med videokamera for å filme ei ku som vart frakta med båt til slakteriet. Opptaka vart ikkje brukt til noko, men eg lærte veldig mykje av turen, og fann ut at eg trivst godt ute med eit kamera.

Andre dagen på nett har synt seg i to nettsaker:

Den fyrste saka handlar om adventskalendrar.

Den andre saka handlar om skular som skal til Haiti. Minna det om noko?

Eit bilete av kua og båten som aldri vart sak:

Ku frakta med båt til slakting

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Kristen Hyrve

Hans Kristen Hyrve (Foto:Hans Henrik Løken/NRK)

Eg er 25 år, kjem opphavleg frå Skjåk, men har også budd på Vinstra, i Tromsø, Oslo og Sankt Petersburg før eg no er busett i Førde eit lite halvår. Har mastergrad i Russlandskunnskap, er glad i musikk, film, teater og kunst, gjerne det litt rare eller eksperimentelle. Har ei fortid i samtidskunstprogrammet Neu på Radio Nova. Driv elles med musikk og tenkjer mykje på korleis storsamfunnet formar individa.