Det er travelt å vera nynorskpraktiktant for tida. Eg har avlutta to veker i radioredaksjonen, no ventar to veker med fjernsyn. I går hekk eg på eit tv-team og leitte etter ein skadd hjort i skogen. Eg koste meg. Det var sørgjeleg med hjorten, men triveleg å vera gratispassasjer på saka til andre, det var dessutan godt å koma ut i på tur i snøen. I dag førebur eg ei sak som eg skal lage i morgon. Fjernsyn er meir arbeidsamt enn radio. Eg er framleis litt skremd.
Det vart nokre radiosaker førre veke. Den fyrste handlar om eit foreldrepar som mistar delar foreldrepengane frå NAV fordi dei hadde ynskje som ikkje passa inn i A4-malen. Saka er litt innfløkt, men ein kan høyre ho her.
Neste sak gjeld baderomsfirmaet Bano som flytter administrasjonen frå Bergen til Sandane. Dette var ei triveleg sak å lage. Ingen var triste eller sure på kvarandre, og eg fekk meg ein tur til Sandane. Eg fekk omsyning på fabrikkane, sprang rundt med kamera og opptakar. Sjå på biletet under medan saka går, så vert det ei multimediell oppleving.
(bloggen held fram under biletet)

Eg avslutta dei to fyrste radiovekene mine med å vera utegåande reporter. Det vart noko ganske anna enn reportasjane eg har laga. Tidleg om morgonen troppa eg opp på ein bensinstasjon for å fylgje med på dei kom dit for å kjøpe frukost. Det var fascinerande. Eg er litt oppteken av mat, lagar vanlegvis mat meir eller mindre frå botnen av, eg tenkjer mykje på mat og et sjeldan på bensinstasjonar. Men det var artig å gjera det også. Slik gjekk det.
I neste blogg kan det dukke opp fjernsynsinnslag. Det er multimedielt heilt på ordentleg.