Det at eg går på Nynorsk mediesenter har vekt interesse i lokalavisa heime. Avisa er Fjuken, som dekkjer Skjåk, Lom og Vågå. Til å vera ei så lita lokalavis har Fjuken gjort det ganske stort i verda. Ho har ved fleire høve gjort det skarpt i kåringar av beste lokalavis og fått diplom frå Språkrådet for godt namnevett. Forutan dette har ho også kome seg inn i NRKs beste sendeflate.

Så gjekk det slik at ein frå Skjåk hamna på Nynorsk mediesenter, og det passar godt i Fjuken. Dermed vart eg kontakta. Eg skulle bli intervjua. Men litt av kvart skjedde, det gjekk ei veke, deretter kom ein haustferie, og intervjuet endte opp med å bli utsett. Til det ikkje vart noko meir. Men den gode Fjuken-journalisten som hadde med dette å gjera er ikkje av typen som let noko flyte ut i sanda.
Derfor kjem ein av dei neste Fjukane til å ha meg som "utfløtten". Eg skal vera han som fortel om kvifor eg flytte ut og kva som skal til for å få meg attende. Snart i ein dampande ny Fjuken nær deg. Og det på grunn av at eg er praktikant ved Nynorsk mediesenter. Då er det litt stilig at e-posten frå Fjuken endar på denne måten: "Vi ser gjerne at du skriv på nynorsk".