Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
okt 14

Posta av: Hans Kristen Hyrve
14.10.2010 10:23 

 Vi har halde på med fjernsyn. Etter ein del prøving og litt feiling har eg skjønt ein god del. Til dømes at fjernsyn er morosamt. Den største oppdaginga er likevel at medan ein i radiosaker ofte ynskjer seg meir tid enn 1:30, er det same halvanna minuttet ganske god tid i fjernsyn. Bileta fortel mykje i seg sjølv, og ein treng som regel ikkje seie meir enn eit absolutt minimum. Det er vanskeleg og godt på same tid. Det ein seier bør jo vera rimeleg gjennomtenkt. På den andre sida treng det knapt vera fullstendige setningar.

Det synlege resultatet av fjernsynsarbeidet er ei nettsak Hilde og eg laga. Det er ein 5-på-gata-videosnutt om at tre av fire 60-åringar ynskjer å arbeide også etter at dei har gått av med pensjon. Vi fekk til og med kommentarar under saka, det var triveleg.

I går reiste heile gjengen på tur til Aasen-tunet i Ørsta. Eg let eitt bilete seie meir enn skikkeleg mange ord:

 

 

 

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Kristen Hyrve

Hans Kristen Hyrve (Foto:Hans Henrik Løken/NRK)

Eg er 25 år, kjem opphavleg frå Skjåk, men har også budd på Vinstra, i Tromsø, Oslo og Sankt Petersburg før eg no er busett i Førde eit lite halvår. Har mastergrad i Russlandskunnskap, er glad i musikk, film, teater og kunst, gjerne det litt rare eller eksperimentelle. Har ei fortid i samtidskunstprogrammet Neu på Radio Nova. Driv elles med musikk og tenkjer mykje på korleis storsamfunnet formar individa.