Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
okt 3

Posta av: Hans Kristen Hyrve
03.10.2010 16:05 

 Vi har byrja å lære korleis ein lagar fjernsyn. Det er ganske spanande. Mikrofonar og datamaskiner er eg godt van med, og fram til no har dei vore dei viktigaste reiskapane våre. Videokamera er derimot ganske eksotisk for min del. Eg har filma litt ved ulike høve, men aldri på ein slik måte vi skal no. I morgon skal vi øve oss med å lage ein liten film, og eg er særs inspirert.

Eg har nemleg sett to filmar av den franske regissøren Philippe Grandrieux i det siste, og det har gjort inntrykk. Sidan vi no held på med fjernsyn, har eg sjølvsagt lagt ekstra merke til kameraføring, fargebruk, perspektiv og liknande. Eg skjønar at den filmatiske stilen neppe er å føretrekkje i fjernsyn, sjølv om eg gjerne skulle sett fleire brølande personar i dunkelt ljos på Dagsrevyen. Likevel er kamerabruken særs viktig i Grandrieux sine filmar. Det er fascinerande korleis ljos, kameravinklar osv gjer personane så vakre og så fulle av innhald. Berre biletet av ein karakter gjer at eg som sjåar føler eg ser ein heilskap, eit heilt individ, ikkje berre eit bilete av ein kropp. Heilt enno skjønar eg ikkje fullt ut korleis ein får til det. Ljos- og kamerabruken er i tillegg vesentleg for å få fram den såre og ofte litt vonde stemninga, og der er det nokre teknikkar eg heller ikkje kan skryte av å meistre.

Sidan eg ikkje har filma mykje før, reknar eg sjølvsagt ikkje med å koma opp på Grandrieux' nivå før mot slutten av morgondagen. Til gjengjeld vil eg tru ein snart kan lesa om den 2 minutt lange filmen vi skal lage på ein fransk blogg skriven av ein mediestudent. Eg reknar med at dei nydelege filmatiske bileta våre står i fokus.

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Kristen Hyrve

Hans Kristen Hyrve (Foto:Hans Henrik Løken/NRK)

Eg er 25 år, kjem opphavleg frå Skjåk, men har også budd på Vinstra, i Tromsø, Oslo og Sankt Petersburg før eg no er busett i Førde eit lite halvår. Har mastergrad i Russlandskunnskap, er glad i musikk, film, teater og kunst, gjerne det litt rare eller eksperimentelle. Har ei fortid i samtidskunstprogrammet Neu på Radio Nova. Driv elles med musikk og tenkjer mykje på korleis storsamfunnet formar individa.