På min tiande dag ved Nynorsk mediesenter fekk eg den fyrste radioreportasjen på lufta. Eg hadde aldri trudd det skulle gå så fort. Og i kva grad det var velfortent er eg ikkje sikker på, så skrekkjeleg flink er eg faktisk ikkje. Men så var no litt stas også. Eg har jo laga radio før, i Neu på Radio Nova, så kjensla av å høyre røysta mi gjennom radioapparatet var ikkje ny. Men dette var likevel noko ganske anna. I Neu lagar ein radio det gjerne kan gjera litt vondt i magen å høyre på, det gjer ingenting om nokon skrur av fordi det vert for intenst. I P1 lagar ein radio som er stramt formaterd og så saumlaus som mogleg. I Neu har lyarane som regel teke eit aktivt val, dei ynskjer å høyre på akkurat det programmet eller i det minste akkurat den kanalen. Lyarane til P1 har gjerne trykt inn knappen på radioen, som i mange tilfelle alltid står innstilt på same frekvens. Ein gjer som ein alltid gjer: Skrur på radioen for å høyre på radio, utan nødvendigvis å vita akkurat kva som kjem. Og der kom altså eg. På normerd nynorsk.
Men det var litt rart også. Innslaget mitt flaut nemleg ikkje like saumlaust som dei andre sakane. No er eg kanskje ikkje så saumlaus i meg sjølv, eg innrømmer gjerne at eg tykkjer det finst i overkant mykje formatering i verda, og ikkje berre i radio, men denne gongen hadde eg late kjærleiken min til motstand vike. Eg er jo her for å lære meg eit handverk, kor det å lage produkt som samsvarar med intensjonen er ein viktig del. Og ein må i alle høve lære reglane godt for å kunne bryte dei på ein god måte, noko som ikkje var intensjonen denne gongen. Like fullt vart flyten utvilsamt litt forstyrra då det midt i fylkesnyhenda til NRK Sogn og Fjordane kom inn ein kjenslevar ottadøl på ei seng av Tord Gustavsen-klangar. Heldigvis med eit godt og viktig intervjuobjekt. Sjølv om eg kan dette innslaget ut og inn var konteksten i morgonsendinga på radio ein heilt annan enn konteksten vi praktikantane er vande med og gjev attendemelding til kvarandre i. Konteksten gjorde at reportasjen, iallfall slik eg følte det, fungerde ganske annleis.
Det seier noko om læringskurva vår på Nynorsk mediesenter at eg i dag ut frå erfaring ville ha laga eit innslag litt annleis enn eg gjorde for to dagar sidan. Det at innslaget mitt like fullt kom på lufta seier noko om tilliten og moglegheitene vi får. Same kor detaljerd nokon hadde forklard meg at innslaget ville fungere enda litt betre om eg gjorde litt slik og berre litt mindre slik, ville eg antakeleg ha tenkt "men eg ynskjer eigentleg det skal vera som det er". No er reportasjen sendt, og eg stiller litt betre rusta til neste gong. Eg er sjeleglad for å ha laga noko sendbart, og eg er sjeleglad eg ikkje sjølv tykte det var heilt perfekt.
Klikk her for å høyre det omtalde innslaget.