Hans Kristen Hyrve

Eg er 25 år, kjem opphavleg frå Skjåk, men har også budd på Vinstra, i Tromsø, Oslo og Sankt Petersburg før eg no er busett i Førde eit lite halvår. Har mastergrad i Russlandskunnskap, er glad i musikk, film, teater og kunst, gjerne det litt rare eller eksperimentelle. Har ei fortid i samtidskunstprogrammet Neu på Radio Nova. Driv elles med musikk og tenkjer mykje på korleis storsamfunnet formar individa.