Søk
Hover here, then click toolbar to edit content
jan 6

Posta av: Hans Henrik Løken
06.01.2011 20:47 

2. nyttårsdag: Etter ei superflott jul med gamle kjende er eg klar for å pakke trillekoffertane og flytte livet mitt nok ein gong. Endeleg klart for arbeid i Oslo og NRK Sporten.

3. januar: Der eg var heldig og slapp unna sjukdom i både opplærings- og praksistid i Førde får eg no tilbake - og det med renter. Influensaen slår meg stang ut og første arbeidsdag må utsetjast.

4. og 5. januar: Fadder/kompis/mentor og vaktsjef i sporten Geirmund Henjum er også sjuk. Kanskje like greit sidan eg enno ikkje er i stand til å gjere noko anna enn å sjå TV. Heldigvis er det mykje bra sport på skjermen.

6. januar: Hurra hurra! Eg er endeleg på beina. Diverre er Geirmund sjuk enno. Synd, men i dag gjer det ikkje så mykje likevel.

Kvifor?

Jo, for i det eg troppar opp i redaksjonen på Marienlyst blir eg tatt godt hand om.

Åja?

Ja. Og ikkje lenge etter er eg på veg til Jordal Amfi. Hockeyproffen Mats Zuccarello Aasen har fått si første nettkjenning i amerikanske NHL, og eg skal snakke med tidlegare NHL-profil Espen Shampo Knutsen om praktmålet. Kort tid etter er saka på Dagsnytt. Seinare kjem den i reprise på Her & Nå.

Ei heilt grei sak å starte med på første dag, etter tre dagar med frustrasjon i sjukesenga.

Eg kjem attende (med meir blogg).

Tags:

Namn:
Your email:
(Optional) Email used only to show Gravatar.
Heimeside:
Tittel:
Kommentar:
Tast inn kode
Enter the code shown above in the box below
Legg til kommentar   Avbryt 
Social Bookmarks
Del til:         

Hans Henrik Løken

Hei! Eg er 22 år og kjem frå eit koseleg raudt hus i Odda, Hordaland. Dei siste åra har eg vore ut or dørgluggen ein del gonger, og budd periodevis i Stavanger og Bergen. Journalistisk erfaring har eg opparbeida meg gjennom praksis i Hardanger Folkeblad (2009) og Radio Folgefonn (2010).

Her er bloggen min om ein vonleg fantastisk praksisperiode i NRK Nynorsk Mediesenter. Hjarteleg velkommen!